Kation
Eit kation er eit positivt lada ion, det vil seie at det er fleire proton enn elektron i partikkelen. Ionet kan vera eit atom eller eit molekyl med færre elektron enn den nøytrale varianten av stoffet.
Ioneradiusen til eit kation er mindre enn atomradiusen til eit nøytralt atom av det same grunnstoffet.
Døme på kation |
- H+ = hydrogen-ion (sjå syre)
- NH4+ = ammonium-ion
- K+ = kalium-ion
- Ca++ = kalsium-ion
- Mg++ = magnesium-ion
- Fe++ = toverdig jern-ion
- Fe+++ = treverdig jern-ion (sjå rust)
- Al+++ = aluminium-ion
Det er vanleg å skriva Fe+++ og Mg++ som Fe3+ og Mg2+
Sjå og |
anion - det motsette av kation
ionestyrke
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.