Våttemperatur




Våttemperatur eller våtkuletemperatur (wet-bulb temperatur) er ein temperatur som kan brukast til å finne relativ fukt. Våttemperaturen blir målt med eit termometer som har ein våt sokk rundt temperaturfølaren. Eit slikt instrument blir kalla våttermometer (wet-bulb termometer). Når den relative fukta er under 100 % fordampar vatnet frå sokken, noko som gjer at følaren blir avkjølt. For å avgjere den relative fukta, blir lufttemperaturen målt med eit vanleg termometer, i denne samanhengen kalla eit tørrtermometer (dry-bulb termometer). Når den relative fukta er låg vil skilnaden mellom tørr- og våttemperaturen vere større, og våttemperaturen den lågaste. Når ein kjenner desse to temperaturane kan ein bruke eit diagram for å finne den relative fukta (eller gjere avanserte utrekningar).


Hygrometer er instrument som brukar både våt- og tørrtermometer.



Sjå òg |



  • Doggpunkt

  • Tørrtemperatur









Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?