Øvre Stjørdal
Øvre Stjørdal er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag fylke.
Han bestod fram til 1. januar 1874 då kommunen blei delt i to: Hegra og Meråker kommunar.
Kommunen blei oppretta då Stjørdalen formannskapsdistrikt blei delt i Nedre og Øvre Stjørdal i 1850.
Kommunen låg i Inntrøndelag, i søraustre enden av fylket, og grensa til Sverige i aust og Sør-Trøndelag, som då heitte Søndre Trondhjems amt, i sør.
Øvre Stjørdal prestegjeld |
Øvre Stjørdal er òg namnet på eit prestegjeld i Stjørdal prosti i Den norske kyrkja. Prestegjeldet femner same området som den gamle kommunen, det vil seie Hegra sokn i Stjørdal kommune og Meråker sokn som tilsvarar Meråker kommune.
Kyrkjer i Øvre Stjørdal prestegjeld |
Hegra sokn |
- Hegra kyrkje
- Floren kapell
- Okkelberg kapell
Meråker sokn |
- Meråker kyrkje
- Stordalen kapell
- Kopperå kapell
Kjelder |
- Kart over gamle kommunegrenser i Trøndelag på Arkivverket sin nettstad Digitalarkivet.no
- «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.