Vanuatu
Ripablik blong Vanuatu Republic of Vanuatu République du Vanuatu (norsk: Vanuatu, vanuatisk)  | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
  | |||||||
Nasjonalsong  | «Yumi, Yumi, Yumi» | ||||||
| Motto | Long God Yumi Stanap ('Vi står ved Gud')  | ||||||
![]()  | |||||||
Offisielle språk  | Bislama, engelsk og fransk  | ||||||
Hovudstad  | Port Vila  | ||||||
Styresett President Statsminister  | Republikk Baldwin Lonsdale Joe Natuman  | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn  |   12 189 km² (159.) 0 %  | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik  |   282 814 (177.) 23,2 /km² (157.)  | ||||||
Sjølvstende Frå Frankrike og Storbritannia  | 30. juli 1980  | ||||||
Nasjonaldag  | 30. juli  | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar  |   676 mill. USD (187.) 2 800 USD (163.)  | ||||||
Valuta  | Vatu  | ||||||
Tidssone  | UTC +11  | ||||||
Telefonkode  | +678 | ||||||
Toppnivådomene  | .vu | ||||||
Vanuatu er eit land som ligg i den sørlege delen av Stillehavet. Vanuatu består av ei rekkje mindre øyer som ligg ca. 1,750 km aust for Australia, 500 km nordaust for Ny-Caledonia, vest for Fiji og sør for Salomonøyane. Koloninamnet var Ny-Hebridane. Dette namnet er ikkje lenger i bruk unnateke til historisk bruk. 
Innhaldsliste
1 Provinsar
2 Geografi
3 Klima
4 Fakta
5 Bakgrunnsstoff
Provinsar | 
Vanuatu består av 6 provinsar:
- Malampa
 - Penama
 - Sanma
 - Shefa
 - Tafea
 - Torba
 
Geografi | 
Vanuatu består av over 83 øyer, to av desse - Matthew- og Hunterøyane - vert gjort krav på av den franske oversjøiske staten Ny-Caledonia. Dei fleste av øyane er fjellaktige og vulkanske av opphav. Den største byen i landet er hovudstaden Port Vila.
Klima | 
Vanuatu har eit tropisk maritimt klima som er moderert av søraustpassaten i perioden mai-oktober. Resten av året er vindretningane variable, og tyfonar er relativt hyppige i perioden november-april. Årsnedbøren varierer frå 2300 mm i sør til ca. 4000 mm i nord. Middeltemperaturen i hovudstaden Vila er 22 °C i august og 27 °C i februar.
Fakta | 
Etniske folkegrupper: melanesiarar 98 %, andre (blant anna franskmenn, vietnamesarar, kinesarar)
Religion: presbyterianarar 36,7%, anglikanarar 15 %, katolikkar 15 %, inhemske religionar 7,6%, sjuandedagsadventistar 6,2%, anna 19,7%- Folkesetnaden si middellivslengde: 61,7 år
 - Spedbarnsdøydelegheit: 5,8%
 
Språk: Engelsk, fransk, bislama (pidgin) samt meir enn hundre lokale språk
Bakgrunnsstoff | 
- Vanuatu Online
 - Vanuatu sitt nasjonale turistkontor
 
Kart over Vanuatu
- Invest in Vanuatu
 - Finn Vanuatu
 - Interaktive kart over Vanuatu
 - Kart over Vanuatu
 - Vanuatu Kava
 - Jane si Vanuatu-side
 - Oppdag Vanuatu med seglskipet Søren Larsen
 
Oseania  | |
|---|---|
  | 
Alliansen av små øystatar  | |||
|---|---|---|---|
| Medlemmar | 
  | ||
| Observatørar | 
  | ||
  | 
