Filipstad i Sverige

Multi tool use

Filipstad i
Suecia antiqua et hodierna
Filipstad er ein tettstad i austre Värmland i Sverige. Han er administrasjonssenter i Filipstads kommun.
Filipstad ligg i ein dal mellom sjøane Lersjön og Daglösen. Mellom desse renn Skillerälven, som buktar seg gjennom sentrum, og forbi Nils Ferlin-statuen ved Stora torget.
Historie |
Filipstad fekk byprivlegium 6. april 1611 og er i og med det den tredje eldste byen i Värmland, etter Karlstad og Kristinehamn. Staden er oppkalla etter prins Karl Filip som var son til Karl IX og bror til Gustav II Adolf.
Heilt sidan 1300-talet finst det tradisjon innom jern og gruvehandsaming som er grunnen til at området har blitt folkesett. I området fanst store naturrikdomar, og då gruveindustrien fekk eit oppsving på 1700-talet, voks Filipstad fram. I 1694 mista ein byprivilegia etter ein brann, og staden fekk dei ikkje tilbake før i 1835. Etter det voks staden i rask takt mellom anna takka vere at fleire føretak og institusjonar voks fram. Filipstads Bergsskola, som finst enno i dag, er mellom dei.
1904 er eit viktig årstal i Filipstad si historie. Då starta nemleg eit bakeri, som seinare fekk namnet Wasabröd, og som er den største knekkebrødsfabrikken i verda. Fabrikken har heile tida hatt mykje å seie for Filipstad, då den er tørste arbeidsgivaren der. Mange meiner at Wasa har hatt for stor tyding ved at ein ikkje har satsa på det øvrige næringslivet.
OLW, som er stor innan snacksbransjen, er òg eit storføretak som ligg i Filipstad sidan 1968.
Den største marknaden i Sverige, Oxhälja, ligg i Filipstad. Han har ei historie attende til 1600-talet og går av stabelen den første helga i september kvart år. Kvart år vitjar oppimot 150 000 menneske Oxhälja.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Filipstad» frå Wikipedia på svensk, den 10. juni 2013.
Bakgrunnsstoff |
- Filipstads kommun
- Filipstads webbtidning
- Filipstads Gille
Autoritetsdata |
- WorldCat
- VIAF
- LCCN
- GeoNames
|
|
HXcXtfTTcwG2x
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...