Åbo (finsk Turku) er ein by i landskapet Egentliga Finland. Åbo med sine ca. 175 000 innbyggjarar er den femte største byen i Finland. På grunn av byhistoria og plasseringa er 5,2 % av innbyggjarane svenskspråklege.
Innhaldsliste
1Geografi
2Historie
3Vapen
4Lokale dagsaviser
5Utdanning
6Viktige bygningar
7Sport
8Sjå også
9Bakgrunnsstoff
Geografi |
Åbo domkyrkje i jula 2004
Helsingfors universitet vart grunnlagt i Åbo 1640, segl frå tida i Åbo.
Akademitorget i Åbo 1795.
Åbo slott
Åbo ligg i sørvestre Finland ved Aura å si munning.
Historie |
Åbo er ein av dei seks mellomalderbyane i Finland. Åbo vart grunnlagd på 1200-talet, og byggjinga av Åbo domkyrka og Åbo slott vart innleidd på 1280-talet. Fram til år 1812 var Åbo hovudstad i Finland, som fram til år 1809 var ein del av Sverige. År 1812-1819 vart hovudstaden flytt nærare Russland, til Helsingfors. Tre firedelar av Åbo vart øydelagd ved Åbo brann i 1827.
Vapen |
Åbo by sitt byvåpen går attende til eit mellomaldersegl frå 1309. Bokstaven A i gotisk form viser til fyrste bokstaven i det latinske namnet på byen, Aboa. Lilja er symbolet for jomfru Maria, som Åbo domkyrkje er helga til. Hertugkrona kroner skjoldet ettersom Egentliga Finlands landskapsvapen har hatt hertugkrone sidan år 1557, etter at det som då var Finland vart gjeve til hertug Johan 1556.
Lokale dagsaviser |
Åbo underrättelser (svenskspråkig)
Turun Sanomat (finskspråkig)
Utdanning |
Åbo hadde eit universitet fram til 1827 då det etter brannen vart flytt til Helsingfors, for å bli attfødd som Helsingfors universitet. I Åbo finst i dag tre universitet, det svenskspråklege Åbo Akademi og dei finskspråklege Åbo universitet og Åbo handelshøgskola.
Viktige bygningar |
Kakolafengelset
Åbo domkyrkje
Åbo slott
Sport |
Fotball: TPS og FC Inter, som speler i Tipsligan (finsk førstedivisjon).
Ishockey: TPS som speler i FM-ligan (finsk førstedivisjon)
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...