Horten er ein bykommune ved vestfoldskysten som ligg mellom Holmestrand i nord, og Tønsberg i sør.
Innhaldsliste
1Geografi
2Historie
3Kultur
3.1Utdanning
3.2Kyrkjer
3.3Idrett
4Kjende hortensarar
5Kjelder
6Bakgrunnsstoff
Geografi |
Kommunen har rundt 40 km kystline mot Oslofjorden, med kyststi og fleire store friområde. Han inkluderer tettstadane Horten, Borre, Nykirke, Åsgårdstrand og Skoppum.
Kommunane Borre og Åsgårdstrand blei slått saman i 1965. Borre og Horten kommunar blei slått saman i 1988. Fram til 1. juni 2002 heitte kommunen Borre.
Historie |
Det er funne spor i kommunen etter busetjingar heilt tilbake til steinalderen. Borrehaugane ber vitne om at kommunen var eit maktsenter i vikingtida.
Frå 1582 var Horten ferjestad mellom Horten og Moss.
Byvåpenet til Horten var det fyrste byvåpenet kong Håkon VII godkjente. Det skjedde i 1907.
Kultur |
Utdanning |
Høgskolen i Vestfold ligg på Bakkenteigen, midtvegs mellom Åsgårdstrand og Horten by. Høgskolen har eit tett samarbeid med fleire av elektronikkbedriftene i kommunen, og med Befalsskulen for Sjøforsvaret som ligg i Horten by.
Kyrkjer |
Det finst fleire kyrkjer i kommunen, mellom anna Løvøykapellet frå mellomalderen og Horten kyrkje.
Idrett |
Fotballklubbane Ørn-Horten og Falk kjem frå Horten.
Kjende hortensarar |
Francis Hagerup (1853-1921), politikar og statsminister
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...