Magi i Harry Potter-serien




I Harry Potter-serien skapt av J.K. Rowling, er magi skildra som ei naturleg kraft som kan brukast til å overstyre dei vanlege naturlovene. Mange fiktive magiske vesen eksisterer i serien, medan vanlege vesen nokre gonger viser nye magiske eigenskapar i romanverda. (Ugler kan levere post og til ein viss grad, forstå menneske). Også objekt kan forsterkast med magiske eigenskapar. Den litle delen av menneske som er i stand til å utføre magi blir kalla hekser og trollmenn, i motsetning til ikkje-magiske gompar.
Hos menneske er magi eller mangel på magi ein medfødd eigenskap. Born med magi har normalt magiske foreldre, men det finst unntak. Born utan magiske krefter som har foreldre som er hekser og trollmenn, blir kalla futtar, medan ei heks eller ein trollmann med gompeforeldre er kjend som ein gompefødd, eller nedsettande, "Grums". Medan gompefødde er ganske vanleg, er futtar ekstremt sjeldne.




Innhaldsliste






  • 1 Transport


    • 1.1 Fnattbussen


    • 1.2 Flyttenøklar




  • 2 Magiske evner


    • 2.1 Animagus


    • 2.2 Metamorf-magus


    • 2.3 Ormmunn


    • 2.4 Andre evner




  • 3 Kjelder


    • 3.1 Litteratur







Transport |



Fnattbussen |


«Velkommen til Fnattbussen, nødtransport for akterutseilte hekser og trollmenn. Bare rekk ut stavhånden og stig ombord, så kjører vi Dem hvor De vil. Mitt navn er Svinton Slipprush, og jeg er kveldens konduktør.»


—Svinton Slipprush til Harry Potter i 1993 (Fangen fra Azkaban).


Fnattbussen er eit naudtransportmiddel for hekser og trollmenn. Fnattbussen er ein lilla trippeldekker, som inneheld sete på dagtid og senger på kveldstid. Bussen køyrer inga fast rute, men dersom ein trollmann eller ei heks rekkjer ut tryllestaven vil Fnattbussen dukke opp like ved. Bussen er usynleg for gompar. Bussbilletten kostar 11 galleonar, men dersom ein betaler 14 galleonar får ein med ein varm kopp sjokolade, og betaler ein femten, får ein ei varmeflaske og ein tannbørste i den fargen ein ynskjer.


Bussen blir kjørt av Pistill Prang og konduktøren er Svinton Slipprush.
[1]



Flyttenøklar |


Ein flyttenøkkel er ein måte for hekser og trollmenn å kome seg frå ein plass til ein annan på. Flyttenøkkelen kan ha mange ulike former, men er ein gjenstand som gompane ikkje mistenkjer for å vera magisk, altså heilt vanlege ting.


Her er ei liste over kjende flyttenøklar















































































Flyttenøkkel
Brukar(ar)
Utgangspunkt
Reisemål
Laga av

Sopelime

  • Uidentifisert Rumpeldunk-dommar

Rumpeldunkbanen
Sahara-ørkenen
Uidentifisert Rumpeldunk-dommar
Ukjend

  • Gellert Grindelwald


Gudriks dal
Sentral-Europa

Bathilda Bagshot
Ein gamal støvel



  • Anton og Fredrik djervell

  • Harry Potter

  • Hermine Grang

  • Arthur, Fred, Frank, Gulla og Ronny Wiltersen.


Stoatshead Hill

Verdscupen i Rumpeldunk, 1994
Ukjend, sannsynlegvis Magidepartementet
Ei gammal avis
Ukjend
Ukjend
Ein punktert fotball
Ei tom drikkeflaske
Tretrollmannspokalen


  • Fredrik Djervell

  • Harry Potter



Rumpeldunkbanen, Galtvort

Little Hangleton gravplass

Barty Crouch Jr.
Ein svartmåla vasskokar


  • Harry Potter


  • Fred Wiltersen, Frank Wiltersen, Gulla Wiltersen og Ronny Wiltersen


Rektor sitt kontor, Galtvort
Grimold plass nr. 12

Albus Humlesnurr
Ukjend

  • Harry Potter


Magidepartementet
Rektor sitt kontor, Galtvort
Ein liten, sølv-støtta hårbørste


  • Harry Potter

  • Gygrid



Dults hus

Hiet
Ukjend medlem av Føniksordenen
Ei rusten oljekanne
Ingen
Ukjend hus av eit av medlemane i Føniksordenen
Ein gamal joggesko
Ukjend


  • Frank Wiltersen

  • Remus Lupus


Ein bøygd kleshengar


  • Hermine Grang

  • Kingsley Shacklebolt




Magiske evner |



Animagus |



Vista-error.pngÅtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Animagus er eit uttrykk brukt i Harry Potter-bøkene om ei heks eller ein trollmann som har lært å omskape seg sjølv til eit dyr utan å bruke tryllestav. Ved hjelp av ein tryllestav blir dette kalla transfigurasjon. Ein kan også bruke eliksiren polyksir (berre til å forvandle seg til andre menneske), som Bartimus C. jr. gjorde i Harry Potter og Ildbegeret. Han brukte eliksiren til å forvandle seg til Galøye Bister. Forkledd som Bister transfigurerte han Draco Malfang til eit dyr. Peter Pittelpytt er ein animagus og brukar dette for å skjule at han enno lever etter at han sveik sine vener, Harrys foreldre, og selde dei til Fyrst Voldemort.
Animagus er eit veldig komplisert emne innan magi, og det er ikkje så mange som klarer å lære seg det. Det finst berre sju registrerte animagusar.
Andre kjende animagusar frå bøkene er:



  • Minerva McSnurp, som blir ein gråstripet katt med brillemønster rundt øyrene.

  • Jakob Potter kunne bli ein kronhjort

  • Sirius Svaart kunne bli ein stormsvart giganthund.

  • Petter Pittelpytt (også kjend som Ormsvans) kunne bli ei rotte.

  • Rita Slita kunne bli ei svart bille med grøne striper og brillemønster rundt antenna.



Metamorf-magus |


Å vere metamorf-magus tyder at ein kan forandre hårfarge (ved somme høve også ansikt) til den fargen og forma ein ynskjer, utan hjelp av magi. Dette er ei medfødd evne og kan ikkje trenast opp. Kjendte metamorf-magusar er Nymphadora Dult og Teddy Lupus.



Ormmunn |


Å vere ormtunge eller ormmunn tyder at ein kan snakke med slangar. Det er for det meste vonde trollmenn som er kjende for å vere ormmunnar.


Kjendte ormtunger er;



  • Dredolo Mørch

  • Lord Voldemort

  • Salazar Smygard

  • Harry Potter


Harry var ein malacrux og han fekk ormtungekrafta då han var 1 år fordi Fyrst Voldemort prøvde å myrde han. Harry mistar denne evna etter at Voldemort drep Harry i Harry Potter og Dødstalismanene.


  • Herpo den grimme

Ronny Wiltersen brukar også ein gong ormtungespråk for å opne Mysteriekammeret i Harry Potter og Dødstalismanene, men han berre hermar etter korleis han har høyrt Harry snakke det.



Vista-error.pngÅtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

I Harry Potter og Mysteriekammeret startar Harry i duellklubben på Galtvort. Draco Malfang duellerer mot han og tryllar fram ein slange, som held på å angripe ein av tilskodarane. Harry prøver å stoppe slangen, men skjønar ingen ting når alle ser forskrekka på han. Tilskodaren som nesten blei angripen ropar og spør kva Harry trur det er han driv med. Ronny og Hermine forklarer Harry at han snakka ormtunge utan at han sjølv oppdaga det. Etter dette trur alle at Harry er Smygards arving.



Andre evner |



  • Flyging

  • Psykomantikk og psykoblokk

  • Immivering og eksivering

  • Lamia-sjarm



Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Magic in Harry Potter frå Engelsk Wikipedia .





  1. [Norsk Harry Potter-wikia: Fnattbussen http://no.harrypotter.wikia.com/wiki/Fnattbussen]




Litteratur |




  • Harry Potter og De vises stein av J.K. Rowling.


  • Harry Potter og Dødstalismanene av J.K. Rowling.

    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva