Kirsten Hansteen




















Kirsten Hansteen

Fødd
5. januar 1903
Lyngen
Død

17. november 1974


Yrke
politikar

Kirsten Moe Hansteen (5. januar 1903–17. november 1974) var ein norsk politikar (NKP) og kvinnesaksforkjempar. Ho var den første kvinnelege statsråden i Noreg.


Hansteen var fødd Kirsten Moe i Lyngen. Ho studerte filologi ved Universitetet i Oslo, der ho blei med i det radikale studentmiljøet. Ho gjekk inn i Mot Dag i 1927. I 1930, då ho gifta seg med advokaten Viggo Hansteen, gjekk ho over til hans parti, NKP.


Viggo Hansteen blei dømt til døden og skoten av den tyske okkupasjonsmakta i 1941, og Kirsten Hansteen blei åleinemor for tre barn. Under krigen redigerte ho likevel det illegale bladet Kvinnefronten, som ho heldt fram med til 1945. I samarbeid med Henriette Bie Lorentzen grunnla og utgav Hansteen tidsskriftet Kvinnen og tiden i 1945, og var utgjevar fram til 1955.


I 1945 vart Kirsten Hansteen konsultativ statsråd i samlingsregjeringa, den første kvinnelege statsråden i Noreg. Ho representerte Akershus på Stortinget frå 1945 til 1949. I tillegg til kvinnesak var Hansteen etter verdskrigen ein pådrivar for fredsarbeid. Ho var medlem av styret i Verdensfredsrådet, deltok på ei rekke fredskonferansar og skreiv artiklar mot våpenopprusting.



Kjelder |


  • Originaloppslag frå pax Leksikon (1978-82)


Bakgrunnsstoff |



  • «Kirsten Hansteen». Stortinget.no. 








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva