Emma Watson
Emma Watson | |
Watson i 2013. | |
Fødenamn | Emma Charlotte Duerre Watson |
Fødd | 15. april 1990 (28 år) Paris[1] |
Aktive år | 2001 - no |
Yrke | Skodespelar og modell |
Kjende rollar | Hermine Grang i Harry Potter |
Emma Charlotte Duerre Watson (fødd 15. april 1990 i Paris) er ein britisk modell og skodespelar, mest kjend for rolla som Hermine Grang i filmatiseringa av Harry Potter-serien.
Emma Watson budde i Paris, der foreldra budde og arbeidde som advokatar, til ho var fem år gamal. Då ho var seks, skilde foreldra seg, og ho flytte til Oxfordshire, der ho voks opp saman med mora og veslebroren. Ho hadde lite erfaring med skodespel då ho vart utvald til rolla som Hermine Grang i Harry Potter og de vises stein i 2001, men har sidan spelt i alle dei åtte Harry Potter-filmane frå 2001 til 2011 saman med Daniel Radcliffe som Harry Potter og Rupert Grint som Ronny Wiltersen.[2][3]
Innhaldsliste
1 Oppvekst og utdanning
2 Filmografi
3 Prisar
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Oppvekst og utdanning |
Emma Watson vart fødd i Paris, av Jacqueline Luesby og Chris Watson, som begge to er britiske advokatar.[4][5][6] Watson budde i Paris inntil ho var fem år. Foreldra skilte seg då ho var ung, og etter skilsmissa deira, flytta ho med mora og den yngre broren til Oxfordshire. I helgene var ho hos faren sin i London.[4][7] Watson har uttalt at ho snakkar litt fransk, men «ikkje like bra» som før.[8]
Etter å ha flytta til Oxford med mora og broren sin, gjekk Watson på Dragon School i Oxford til 2003.[4] Frå ho var seks år ynska ho å bli skodespelar,[9] og gjekk på Stagecoach Theatre Arts, ein deltids-teaterskule der Watson studerte song, dans og skodespel.[10] Då ho var ti år, hadde ho opptredt i ulike Stagecoach-produksjonar og skole skodespel, t.d. Arthur: The Young Years og The Happy Prince.[11] Ho hadde aldri vert med på noko profesjonelt før Harry Potter-serien. «Eg hadde ingen aning om omfanget av filmserien,» sa ho i eit intervju i 2007 med Parade, «Dersom eg hadde, ville eg ha vore heilt overvelda.»
Etter Dragon School, byrja Watson på Headington School, som òg er i Oxford.[4] På filmsettet blei ho og jamaldringane undervist i opptil fem timar dagen.[12] I juni 2006 tok ho GCSE eksamen i ti fag, og fekk åtte "A *" og to "A" karakterar. [4][13]
Filmografi |
År | Filmtittel | Rolle | Note |
---|---|---|---|
2001 | Harry Potter og de vises stein | Hermine Grang | |
2002 | Harry Potter og Mysteriekammeret | Hermine Grang | |
2004 | Harry Potter og fangen fra Azkaban | Hermine Grang | |
2005 | Harry Potter og ildbegeret | Hermine Grang | |
2007 | Harry Potter og Føniksordenen | Hermine Grang | |
2007 | Ballet Shoes | Pauline Fossil | Fjernsynsfilm sendt på BBC One |
2008 | Historien om Despereaux | Prinsesse Pea | Røyst |
2009 | Harry Potter og Halvblodsprinsen | Hermine Grang | |
2010 | Harry Potter og Dødstalismanene del 1 | Hermine Grang | |
2011 | Harry Potter og Dødstalismanene del 2 | Hermine Grang | |
2011 | My Week with Marilyn | Lucy | |
2012 | The Perks of Being a Wallflower | Sam | |
2013 | This is the end | Seg sjølv | |
2013 | The Bling Ring | Nicki | |
2014 | Noah | Ila | Vert spelt inn |
Prisar |
År | Organisasjon | Pris | Film | Resultat |
---|---|---|---|---|
2002 | Young Artist Awards | Best performance in a Feature Film – Leading Young Actress | Harry Potter og de vises stein | Vann |
Academy of Science Fiction, Fantasy & Horror Films | Saturn Award | Nominert | ||
Empire magazine | Empire Award | Nominert | ||
American Moviegoer Awards | Outstanding Supporting Actress | Nominert | ||
Young Artist Awards | Best Ensemble in Feature Film | Nominert | ||
2003 | Otto Awards | Best female Film Star (Silver) | Harry Potter og Mysteriekammeret | Vann |
2004 | Otto Awards | Best female Film Star (Silver) | Harry Potter og fangen fra Azkaban | Vann |
Total Film Magazine | Child Performance of the Year | Vann | ||
Broadcast Film Critics Association | Best Young Actress | Nominert | ||
2005 | Otto Awards | Best female Film Star (Gold) | Vann | |
Broadcast Film Critics Association | Best Young Actress | Harry Potter og ildbegeret | Nominert | |
2006 | Otto Awards | Best female Film Star (Bronze) | Vann | |
MTV Movie Awards | Beste lag på skjermen | Nominert | ||
2007 | ITV National Film Awards | Best Female Performance | Harry Potter og ildbegeret | Vann |
UK Nickelodeon Kids' Choice Awards | Best Movie Actress | Vann | ||
2008 | Empire Award | Best Actress | Nominert | |
Otto Awards | Best Actress | All filmhistorie | Nominert |
Kjelder |
↑ Emma Watson på IMDb
↑ Kehr, Dave. "Emma Watson". The New York Times.
↑ Daniel Radcliffe, Rupert Grint and Emma Watson to Reprise Roles in the Final Two Instalments of Warner Bros. Pictures' Harry Potter Film Franchise" (Press release). Warner Bros.. 23.mars 2007.
↑ 4,04,14,24,34,4 «Life & Emma». Official website. Henta 16 April 2010.
↑ «Warner Bros. Official site». (Flash: click appropriate actor's image, click "Actor Bio"). harrypotter.warnerbros.co.uk. Henta 28 March 2006.
↑ Barlow, Helen. «A life after Harry Potter». The Sydney Morning Herald. Henta 16 March 2006.
↑ Self, Will (17 August 2012). «Emma Watson, The Graduate». The New York Times.
↑ Q&A with Emma Watson – The Hour Publishing Company: Entertainment News
↑ Watson, Emma. «Emma». Emma Watson's Official Website. Henta 3 August 2007.
↑ Reece, Damian (4 November 2001). «Harry Potter drama school to float». The Daily Telegraph (UK). Henta 8 March 2010.
↑ Watson, Emma. «Emma & Screen». Official Website. Henta 16 April 2010.
↑ Muir, Kate (15 May 2004). «Cast Interviews». The Times (UK). Henta 12 January 2008.
↑ «Pupils "sitting too many GCSEs"». BBC News. 24 August 2006. Henta 27 May 2007.
- Denne artikkelen byggjer på «Emma Watson» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2012.
- Filmografien er henta frå Imdb.com om Watson
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Emma Watson
Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Emma Watson
|