Hof

Multi tool use

Hof kommune på kart over Vestfold
Hof er ein tidlegare innlandskommune nord i Vestfold fylke. I den tidlegare kommunen ligg Hof sentrum, Sundbyfoss og Eidsfoss, kjend for det nedlagte jarnverket Eidsfos Jernverk. Kommunen omfatta den sørlege delen av den store innsjøen Eikeren (19 moh.) med vassdraget ovenfor til Hillestadvannet (37 moh.), i tillegg til dei skogkledde åsane på begge sider. Desse når sørvest for Eikeren Vestfjellet, som er det høgste punktet i Vestfolds på 634,04 moh. «Vassvegen» med vatna Hillestadvannet, Haugestadvannet, Bergsvannet og Eikeren har vore eit gammalt fløytingsvassdrag. Av arealet kommunen utgjorde på 164 km², er 129 km² skogsareal, 15 km² jordbruksareal og 15 km² vasspegel.
Kommunevåpenet blei godkjent i 1992 og har tre gull sjøblad, 2 over 1, mot ein raud bakgrunn. Våpenet symboliserer vassliljene som finst i dei mange vatna i den tidlegare kommunen.
Hof kommune blei slått saman med Holmestrand kommune 1. januar 2018.[1]
Samferdsel |
Fylkesveg 35 (Gardermoen–Hønefoss–Tønsberg) går langs Eikeren på austsida og vassdraget sørover. Fylkesveg 32 (Hillestad–Hvittingfoss–Skien) kryssar Fylkesveg 35 i Sundbyfoss. Frå Åskrysset på Europaveg 18 går Fylkesveg 32 til Sundbyfoss. Elles går fylkesvegar sørover via tettstaden Andebu til Tønsberg (Fylkesveg 312) og nordaustover til Sande (Fylkesveg 319). Fylkesveg 35 sørover og fylkesvegane 32/315 følgjer delvis traseane til dei smalspora jarnbanene Tønsberg–Eidsfoss og Holmestrand–Hvittingfoss, som blei lagt ned i 1938.
Bilete |
Radiomaster på Skibergfjell i Hof
Eidsfoss hovudgard
Foto:
Robert E. Haraldsen
Kjelder |
↑ «Forskrift om sammenslåing av Hof og Holmestrand kommuner». Lovdata. 18. mars 2016. Henta 25. januar 2018.
Geir Thorsnæs og Sten Lundbo (1.1.2018). «Hof – tidligere kommune». Store norske leksikon. Henta 3. januar 2018.
Kommunar i Vestfold
|
Færder · Holmestrand · Horten · Larvik · Re · Sande · Sandefjord · Svelvik · Tønsberg
|
 |
Tidlegare kommunar: Andebu · Borre · Botne · Brunlanes · Hedrum · Hof · Lardal · Nøtterøy · Ramnes · Sandar · Sem · Skoger · Stokke · Strømm · Stavern · Tjølling · Tjøme · Våle · Åsgårdstrand
|
rFDsqWGVhIRq9xGl ZoK r,C,8NEtfW,DE83mJTB tmYdS,R5 oPEK
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...