Gildeskål er ein kommune i Salten i Nordland. Han grensar mot Bodø kommune i nord, mot Beiarn i aust og mot Meløy i sør. Gildeskål er eit gamalt gardsnamn som kan stamme frå norrønt Gildiskáli, ein stad med ei skål eller hov for gilder, eit hus kor ein har gilde.
Gildeskål kommune brukar teksten «Å eg veit meg eit land ..» som slagord og uttrykk for visjonen om å vere ein attraktiv kommune med tydeleg identitet.
Innhaldsliste
1Venskapsbyar
2Geografi
3Næringsliv
4Kultur
5Kjelder
6Bakgrunnsstoff
Venskapsbyar |
Lodejnoje Pole
Geografi |
Gildeskål er ein kystkommune og består av både fastland med fjordar og ei rekke øyar og vær. Dei største øyane er Sandhornøya, Sørarnøy, Nordarnøya, Fugløy samt Fleina og Fleinvær. Kystriksvegen passerer gjennom kommunen. Vegen på Sandhornøya knytt til Kystriksvegen med ei bru. Både fastlandet, Sandhornøy og Fugløy har bratte fjell, i søraust ligg ei fjellvidde som inkluderer Sundsfjordfjellet og delar av Glomfjellet.
Næringsliv |
Tradisjonelt var kommunen ein jordbruks- og fiskerikommune kor mange dreiv som fiskarbønder. I dag er turisme, private og offentlege servicetenester viktige næringsvegar. Kommuneadministrasjonen ligg på Inndyr. Forsvaret har ein lyttestasjon for marinefartøy i Novika. Det er eit kvartsittbrott på Mårnes på Sandhornøya og eit vasskraftverk i Sundsfjord.
Kultur |
Teologen og diktaren Elias Blix var frå Våg på Sandhornøya. Kommunen er med i Skulpturlandskap Nordland med kunstverket «Den glömda staden».
På kyrkjestaden rett ved Inndyr ligg ei steinkyrkje frå 1100-talet, Gildeskål gamle kyrkje og like ved ei trekyrkje i gotisk stil frå 1881. Den nye kyrkja ligg på ei høgd med utsyn mot fjorden og Fugløy og har 750 sitteplassar. På kyrkjeplassen finn ein òg Gildeskål bygdesamling med prestegarden. Hovudbygningen på garden er eit langhus på 33 meter.
Kjelder |
Salten Museum om Gildeskål bygdesamling
Grepstad, O. og K. M. Thorheim Fotefar mot nord Forlaget Press, 2003
Bakgrunnsstoff |
Gildeskål kommune sine heimesider
Kommunar i Nordland
Helgeland
Alstahaug
Bindal
Brønnøy
Dønna
Grane
Hattfjelldal
Hemnes
Herøy
Leirfjord
Lurøy
Meløy
Nesna
Rana
Rødøy
Sømna
Træna
Vefsn
Vega
Vevelstad
Salten
Beiarn
Bodø
Fauske
Gildeskål
Hamarøy
Saltdal
Steigen
Sørfold
Ofoten
Ballangen
Evenes
Lødingen
Narvik
Tjeldsund
Tysfjord
Lofoten
Flakstad
Moskenes
Røst
Vestvågøy
Værøy
Vågan
Vesterålen
Andøy
Bø
Hadsel
Sortland
Øksnes
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...