Oppdikta plantar




Oppdikta plantar er plantar som er blitt oppdikta og som ikkje finst i røynda. Oppdikta plantar dukkar opp i medium som TV, film og bøker.




Innhaldsliste






  • 1 Plantar frå skjønnlitteratur


    • 1.1 J.K. Rowling sin Harry Potter-serie




  • 2 Kjelder


    • 2.1 Litteratur







Plantar frå skjønnlitteratur |



J.K. Rowling sin Harry Potter-serie |


Plantar i Harry Potter-serien kan brukast i eliksirar, som hindringar og har ofte spesielle effektar. Faget 'Biologi' på Galtvort handlar mykje om magiske plantar.




  • Prylepila er eit gigantisk, valdeleg piletre som ligg ved Galtvort. Treet blei planta då Remus Lupus byrja på Galtvort. Lupus er ein varulv og trong ein plass å opphalde seg når han blei omskapt til varulv ein gong i månaden. Ved røtene til prylepila startar ein tunnel som fører til Hylehuset.


  • Gjellegras kan brukast til å kunne puste under vatn. Harry brukar det til å kunne vere under vatn i over ein time under Tretrollmannsturneringa i den fjerde boka, Harry Potter og ildbegeret.


  • Djevelsnarre har eigenskapen til å kvele og binde alt som kjem nær han. Planten likar mørke og fukt, men er svak mot sollys og varme. I den fyrste boka, Harry Potter og de vises stein, er planta ein av hindringane som er der for å vakte de vises stein.

  • Når ei alrune skrik, er det døyeleg for alle som høyrer det. Plantene kan brukast til å vekkje opp dei som har blitt forsteina, altså utsett for for eksempel ein basilisk. Ein høyrer om planta i boka og filmatisetinga av Mysteriekammeret.

  • Den naturlege levestaden til Gufsulus Gufsletonia er Assyria. Dersom ein rørar han, sender han ut illeluktande saft. Nilus Langballe får ei plante som dette i sitt femte år på Galtvort.


  • Byllerot. Denne magiske planta lærer elevane på Galtvort om i fjerde året. Byllerotpuss fungerer som behandling mot kviser, men dersom pussen ikkje er fortynna, kan han ha negativ verknad på ubeskytta hud.


  • Eldfrø er eit frø frå Eldfrøbusken som kan brukast i eliksirar. For å sanke frøa må ein kjøle dei ned.


  • Moly er ein plante som beskyttar mot svartekunstar. Dei kan finnast i drivhusa på Galtvort.



Kjelder |



Litteratur |




  • Harry Potter og Mysteriekammeret av J.K. Rowling.


  • Harry Potter og Fangen fra Azkaban av J.K. Rowling.


  • Harry Potter og Halvblodsprinsen av J.K. Rowling.

    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva