Loch Shiel
Loch Shiel | |
innsjø | |
Loch Shiel og Glenfinnan monument | |
Land | Skottland |
---|---|
Tilsig | River Finnan, Callop River, River Polloch |
Utløp | River Shiel |
Nedslagsfelt | 248 km2 km² |
Opphaldstid | 1,37 år |
Høgd over havet | 4,5 moh |
Lengd | 28 km |
Areal | 19,3 km² |
Middeldjupn | 40,5 m |
Største djupn | 128 m |
Volum | 0,8 km³ |
Koordinatar | Koordinatar: |
Byar | Glenfinnan, Ardshealach, Acharacle |
Wikimedia Commons: Loch Shiel | |
Loch Shiel (skotsk-gælisk Loch Seile) er ein 19,3 km² stor innsjø 20 km vest for Fort William i Lochaber i Highland i Skottland. Han er 120 meter djup. Det djupaste området ligg i nordaust, omslutta av høge fjell, medan han er meir myrlendt og grunn i sørvest. Frå sørvest renn elva River Shiel ut i sjøen ved Loch Moidart nær Castle Tioram.
Loch Shiel må ikkje forvekslast med Glen Shiel, 40 km leger nord i Skye and Lochalsh, der ein finn den lengre River Shiel og ein mykje mindre Loch Shiel.
Området er forholdsvis skogkledd samanlikna med mange andre område i Highland, så breidda av innsjøen har derfor status som særskild verneområde.
Somme av scenane i Harry Potter og fangen fra Azkaban var filma i Loch Shiel.
Historie |
Ruinane av eit kapell står på den største øya i innsjøen, og det vert sagt at det var den første heimen til St. Finan, ein av lærarane til St. Columba. Acharacle, sør i innsjøen, var åstad for eit slag i 1140, leia av Somerled der han slo nordmennene og grunnla dynastiet Lord of the Isles.
Galleri |
Mot nordaust
Glenfinnan-bukta
Frå toppen av Glenfinnan Monument
Loch Shiel, juni 2010
Sjå òg |
- Glenfinnan Viaduct
|