Den norske kyrkja




Den norske kyrkja er den offentlege kyrkja i Noreg. I 1537 innførte Danmark-Noreg lutherdomen og braut banda med Den katolske kyrkja. Den norske kyrkja fekk då den dansk-norske kongen som overhovud. Den dag i dag er det framleis kongen som er den øvste leiaren. Kyrkjesaker ligg til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Fram til 1969 var det offisielle namnet Statskyrkja. Etter endring av § 2 i Grunnlova 21. mai 2012 har ikkje Noreg ein offentleg religion. I § 16 blir Den norske kyrkja omtala som «folkekyrkja» og paragrafen slår samstundes fast at alle trussamfunn skal «bli stødde på lik line».[1] Etter grunnlovsendringa i 2012 skal det innførast ei ny kyrkjeordning, med ei meir sjølvstendig kyrkje, som ikkje er eit statleg forvaltingsorgan.[2]





Olavsmerket er det offisielle våpenet til Den norske kyrkja




Innhaldsliste






  • 1 Tru


  • 2 Embete


    • 2.1 Biskop


    • 2.2 Prest


    • 2.3 Diakon


    • 2.4 Kateket


    • 2.5 Kyrkeverje


    • 2.6 Klokkar




  • 3 Organ


  • 4 Sakrament og kyrkjelege handlingar


    • 4.1 Dåp


    • 4.2 Nattverd


    • 4.3 Konfirmasjon


    • 4.4 Skriftemål


    • 4.5 Giftarmål


    • 4.6 Ordinasjon




  • 5 Tilhøvet mellom kyrkje og stat


  • 6 Fotnotar


  • 7 Bakgrunnsstoff





Tru |


Den norske kyrkja har, i tillegg til Bibelen som er det grunnleggjande skriftet, fem vedkjenningsskrift:



  • Den apostoliske truvedkjenninga

  • Den nikenske truvedkjenninga

  • Den athanasiske truvedkjenninga


  • Den augsburgske konfesjonen (Confessio Augustana)

  • Luthers vesle katekisme



Embete |



Biskop |




Bispemøte i april 2009.
Foto: www.kyrkja.no



Det høgste embetet i kyrkja er bispeembetet. Då statskyrkja vart oppretta i 1537 vart bispeembetet avskaffa, og biskopane vart erstatta med superintendentar. Dei fylte stort sett dei same funksjonane, men kongen ynskte å markere eit brot med den katolske forståinga av embetet. Tittelen biskop vart gjeninnført seinare, men med ein klår luthersk definisjon av embetet. Den norske kyrkja avviser doktrinen om apostolisk suksesjon, sjølv om det gjennom samarbeidet med den anglikanske kyrkja er mogleg å bli prestevigd i apostolisk suksesjon. I 1993 vart Rosemarie Köhn den fyrste kvinnelege biskopen i kyrkja.


Den norske kyrkja har 11 bispedøme.



Prest |


Prestane er ordinerte, men ordinasjonen blir ikkje rekna som eit sakrament. Både menn og kvinner kan ordinerast, og dei treng ikkje leva i sølibat.


Kvart bispedøme er delt inn i prosti, og dei 103 prestane som leier desse, har tittelen 'prost'. 11 av dei er knytte til ei domkyrkje, og har difor tittelen 'domprost'. Kvart prosti er delt inn i sokn. Prosten er sjølv prest i eitt av sokna.



Diakon |


Diakonar blir ikkje ordinerte, men er vanleg tilsette. Dei har ansvar for det diakonale arbeidet i kyrkjelyden, som t.d. sorgarbeid, hjelp til eldre og trengande osb. Det blir kravd anten teologisk eller helse- og sosialfagleg bakgrunn.



Kateket |


Kateketar er ikkje-ordinerte tilsette med ansvar for trusopplæring. Det blir kravt bakgrunn frå teologi eller pedagogikk (med hovudvekt på kristendomsopplæring).



Kyrkeverje |


Kyrkjeverja er dagleg leiar for det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, og har driftsansvaret for kyrkjebygg og kyrkjegardar.



Klokkar |


Kvar kyrkje kan ha ein klokkar som er underlagd kyrkeverja. Hans hovudoppgåver er å hjelpe presten ved kyrkjelege handlingar, og å føre kyrkjebøkene. Mange stader vert oppgåvene til klokkaren utførte av andre kyrkjeleg tilsette, underlagd kyrkjeverja.



Organ |


Den norske kyrkja sitt overhovud er monarken i Kyrkjeleg statsråd. Ansvaret for kyrkjesaker ligg til kyrkjedepartementet. Stortinget har påverknadskraft gjennom Stortingets kyrkje- utdannings- og forskingskomité, og gjennom lovgjeving.


Det høgste organet i kyrkja er kyrkjemøtet (oppretta 1984), der alle bispedømeråda og biskopane er med.


Deretter kjem bispemøtet, det vil seie kollegiet av biskopar. Dei samlast tre gonger i året, og blir leidd av ein preses.


Kyrkjerådet (oppretta 1969, omdefinert 1984) er eit førebuande organ for kyrkjemøtet, og utøvande organ mellom samlingane til kyrkjemøtet.


Lærenemnda (oppretta 1988) er eit sjølvstendig sakkyndig organ som handsamar lærespørsmål. Ho er sett saman av somme eller alle biskopane, sakkyndige oppnemnde av dei tre teologiske fakulteta og representantar for lekfolket. Talet på medlemer varierer etter kva saker som blir handsama.


Mellomkyrkjeleg råd har ansvar for kontakten med systerkyrkjer i andre land og internasjonale organisasjoner, samt for økumenisk og mellomreligiøs kontakt i Noreg.


Samisk kyrkjeråd (oppretta 1992) arbeider for å sikre eit tilbod på samisk språk i kyrkja, og for å sikre at samiske tradisjonar blir respekterte.


Ungdommens kyrkjemøte (fyrste gong 1993) er eit rådgjevande organ som skal sikre at ungdom i kyrkja når fram med sine synspunkt.



Sakrament og kyrkjelege handlingar |


Den norske kyrkja har to sakrament: Dåp og nattverd. I tillegg er det andre kyrkjelege handlingar, somme av dei blir rekna som sakrament i andre kyrkjesamfunn.



Dåp |


Dåpen blir rekna som ei reinsing frå all synd, og den døypte blir med i kyrkja. Etter luthersk lære blir barnedåpen rekna som rett og tilrådeleg. Dåpen skjer til vanleg ved ausing av vatn på hovudet, men i somme kyrkjer finst det døypefontar som har plass til heil eller delvis neddukking av små born. Udøypte born av foreldre som er medlemer av Den norske kyrkja blir rekna som tilhøyrande, men ikkje som fulle medlemer.



Nattverd |


Etter luthersk lære er nattverden eit sakrament der Jesus Kristus er til stades og gjev lekamen og blodet sitt i brød og vin. Born kan motta nattverden frå 6-7 årsalderen når dei kjem saman med vaksne.



Konfirmasjon |


Konfirmasjonen blir ikkje rekna som eit sakrament, men som ei stadfesting og styrking av dåpen. Reformatorane avviste den katolske forståinga av konfirmasjonen som eit eige sakrament, men såg han heller som ei førebuing til å motta nattverden. I 1736 vart konfirmasjonen gjort obligatorisk for alle i Noreg. Før konfirmasjonen får ungdomane opplæring gjennom den lokale kyrkjelyden.



Skriftemål |


Det lutherske skriftemålet skil seg frå det katolske ved at presten som tek imot skriftemålet ikkje gjev noka syndsforlating. Luther rekna skriftemålet som ein viktig reiskap for å vedkjenne sine synder og få rettleiing, men tilgjevinga kan ein berre oppnå gjennom tru og Guds nåde, ikkje gjennom ei kyrkjeleg handling. Skriftemålet finst i Den norske kyrkja, og dei seinare åra har det vorte stadig meir populært. I somme kyrkjer snakkar ein om å innføre skriftestolar, men dei fleste stadene er det prestekontoret eller heimen som blir nytta.



Giftarmål |


Etter luthersk lære er ekteskapet fyrst og fremst ei borgarleg sak, men det bør stadfestast med ein kyrkjeleg seremoni. Giftarmål er ikkje eit sakrament i Den norske kyrkja.


Tidlegare rekna Den norske kyrkja ekteskapet som uoppløyseleg, men i det 20. hundreåret snudde dette, slik at det no er eit mindretal av prestane som ikkje godtek gjengifte. Dei prestane som ikkje godtek gjengifte har høve til å reservere seg mot å vie fråskilde.



Ordinasjon |


Ordinasjon av prestar blir ikkje rekna som eit sakrament, men som ein velsigningsseremoni og ei stadfesting av at ein person er verdig og kunnig nok til å arbeide som prest. Biskopar blir velsigna i ein eigen seremoni i samband med innsetjinga.



Tilhøvet mellom kyrkje og stat |


Dei seinare åra har det vore ein del debatt om ein skal skilje kyrkja og staten, og korleis det i så fall skal skje. Fleire utval har handsama denne problemstillinga, seinast Gjønnes-utvalet som vart oppretta 14. mars 2003 og la fram innstillinga si 31. januar 2006.


I 2008 og 2012 vart statskyrkja vidareført av Stortinget, men fekk større sjølvstyre.[3][4][5]



Fotnotar |





  1. Grunnlova, Lovdata, lese 2. august 2015.


  2. Ny kyrkjeordning (PDF)


  3. http://www.abcnyheter.no/nyheter/080410/losere-band-men-fortsatt-statskirke


  4. http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.8076910


  5. http://fritanke.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=8840




Bakgrunnsstoff |


  • Den norske kyrkja si nettside







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva