Air Canada
Air Canada er eit canadisk flyselskap med hovudkvarter i Montreal i Quebec. Selskapet brukar IATA-koden AC og er medlem av Star Alliance.
Historie |
Air Canada vart danna som eit dotterselskap av Canadian National Railways i september 1937 under namnet Trans-Canada Airlines. Den fyrste flyginga gjekk frå Vancouver til Seattle. Selskapet skifta namn til Air Canada i 1965 og vart eit sjølvstendig, statleg føretak på slutten av 70-talet. I 2000 overtok selskapet Canadian Airlines som på den tida var det nest største flyselskapet i Canada. Selskapet hamna i finansielle problem, og i april 2003 søkte det beskytting mot kreditorane (konkursvern). Vernet vart heva i september 2004 og selskapet tilhøyrer no ACE Aviation Holdings Inc.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Star Alliance | |
---|---|
Medlemmar |
|
Regionale medlemmar |
|