Førde kommune




Denne artikkelen handlar om kommunen Førde i Sogn og Fjordane. For tettstaden Førde i Hordaland, sjå Førde i Sveio.































































Førde kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane


Adm.senter

Førde

Areal
586 km²
 - land
555 km²
 - vatn
31 km²

Folketal
13 089 (1. januar 2018)
Folketettleik

24 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Olve Grotle (H)


Kommunenr.
1432




NO 1432 Førde.svg




Wikimedia Commons: Førde

Nettstad: www.forde.kommune.no


Førde er ein kommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke på Vestlandet. Namnet Førde kjem av "firði", som tyder "inst i fjord". Førde kommune strekkjer seg frå inst i Førdefjorden til Jostedalsbreen. Han grensar til Jølster ved Moskog, til Sogndal på Jostefonn, til Gaular ved Rørvikfloten i Haukedalen og ved Langeland, til Askvoll vest for Heilevang og til Naustdal frå stranda aust for Naustdal sentrum og i øvre Angedalen. Førde er den største kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal og har vore det sidan 2007, då han vart større enn Flora kommune.


Tettstaden Førde har hatt ein kraftig vekst dei seinare åra, og utvikla seg til å bli eit senter både i kommunen og i fylket. Førde er i dag ein moderne bygdeby med handel, service, helsevesen, kommunikasjon, utdanning og kultur.


Flyplassen Førde lufthamn, Bringeland ligg i nabokommunen Gaular.




Innhaldsliste






  • 1 Samfunn


    • 1.1 Grender/tettstader




  • 2 Næringsliv


  • 3 Historie


    • 3.1 Folketalsutvikling




  • 4 Kultur


    • 4.1 Kommunevåpen


    • 4.2 Verd å sjå




  • 5 Kjende førdianarar


  • 6 Kjelder


    • 6.1 Fotnotar




  • 7 Bakgrunnsstoff





Samfunn |



Grender/tettstader |



  • Førde

  • Angedalen

  • Erdal

  • Haukedalen

  • Holsen

  • Mo

  • Solheimsdalen

  • Sunde



Næringsliv |


Førde er fylkessenter for utdanning, kultur og samferdsel, men byen er kanskje best kjend for å vere eit handelssentrum i Sogn og Fjordane. Byen har 4 store kjøpesenter, best kjend er kanskje Handelshuset med sine 60 butikkar. Elles har det vorte offentleg kjend at ingen annan norsk kommune har like mange frisørsalongar pr. innbyggjar som Førde. Dei seinaste åra har fleire store landsdekkande kjeder etablert seg i kommunen, der i mellom Biltema, Coop Extra og Hennes & Mauritz.



Historie |


Frå det kommunale sjølvstyret vart innført i Noreg i 1837, gjennom formannskapslovene, og fram til 1896 omfatta Førde kommune kyrkjesokna Førde, Holsen og Naustdal. I 1896 vart Naustdal skilt ut som eigen kommune. I 1965 vart kommunegrensene regulerte, og grendene frå Furevik i aust til Heilevang i vest på sørsida av fjorden frå Naustdal innlemma i Førde. Solheimsdalen og Fauske kom også med. [1]


Prokuratoren Andreas Gunnerus Lind var den fyrste ordføraren i Førde, og sat frå 1838 til 1840. Kring 1870 vart det skipa Bondevenforeining, og dette vart det fyrste «politiske partiet» i både kommunen og fylket. Bondevenforeininga var avleidd av «jaabækianarane» på riksplan.[1]


Staten utpeikte Førde som vekstsenter i 1965, og kommunen fekk med det hjelp til etablering og utvikling av industri og kulturtilbod. I 1997 fekk byen bystatus.



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for Førde kommune frå 1920:



























1.12.1920[2]
1.12.1930[3]
3.12.1946[3]
1.1.1951[4]
1.1.1961[4]
1.1.1971[4]
1.1.1981[4]
1.1.1991[4]
1.1.2001[4]
1.1.2010[4]
2623a
2764a
3082a
3080a
3399a
4728
7427
8744
10 647
12 035


aTalet omfattar ikkje eit område som var del av Naustdal kommune fram til 1964, då det vart overført til Førde kommune. Dette området hadde då 265 innbyggjarar, og utgjorde den delen av Naustdal kommune som låg sør for Førdefjorden.


Kultur |



Kommunevåpen |


Førde sitt kommunevåpen er teikna av Inge Rotevatn. Motivet er tre frå ardskjer/plogjarn på raud botn. Desse skal symbolisere landbruk (primærnæringa), vekst (vekstsenter) og utvikling (region og fylkessenter).



Verd å sjå |



  • Naturen: fossane og fjella

  • Førdehuset

  • Skulpturen Laksen

  • Førde kyrkje

  • Statuen av Oddvar Torsheim

  • Kulturskulen/gamlebanken med Haarklousalen

  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum

  • Sunnfjord museum/Movika



Kjende førdianarar |




  • Johannes Haarklou (1847–1925), komponist, organist og dirigent


  • Anders Martinus Erdal (1856-1932), lærar, bonde og politikar

  • Johnnes H. Vie (1930-2014), fjordhestentusiast og songar


  • Kjell Opseth (f. 1936), politikar


  • Oddvar Torsheim (f. 1938), multikunstnar


  • Olaug Nilssen (f. 1977), forfattar


  • Alexander Ødegaard (f. 1980), fotballspelar


  • Rolf Reikvam (f. 1948), politikar


  • Morten Sandøy (f. 1964), journalist og programleiar


  • Solveig Barstad, programleiar på TV 2



Kjelder |



Fotnotar |





  1. 1,01,1 «Kommunehistoria i Førde» på fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane.


  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  3. 3,03,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  4. 4,04,14,24,34,44,54,6 Folkemengd i Førde 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |



  • Kommunefakta Sogn og Fjordane (Statistisk Sentralbyrå)

  • NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

  • Førde Internasjonale Folkemusikkfesival


Arkiv frå Førde kommune



  • Kommunale arkiv. Henta frå Arkivportalen.no


  • Privatarkiv. Henta frå Arkivportalen.no



















Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva