Asbjørnsen og Moe







Norske Folke og Huldre-Eventyr (Andre opplaget frå 1896.)


Namneparet Asbjørnsen og Moe er vorte som eit anna ord for norske folkeeventyr. Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe var to eventyrsamlarar. Dei leitte opp, skreiv ned, tolka og gav ut eventyr tidleg på attenhundretalet. Resultatet vart ei stor samling av eventyr. Mykje i desse eventyra liknar på andre indoeuropeiske forteljingar, men noko i dei er særskilt for Noreg.


Dei to trefte kvarandre på Norderhov (gamle) prestegard i 1826. Dei var båe vortne sende dit på eit artiumsførebuande kurs som prosten Støren heldt. Asbjørnsen og Moe oppdaga at dei båe to var interesserte i folkediktinga i landet. I 1830-åra byrja dei å reisa rundt og samla inn stoff. Det meste høyrde dei i innlandsbygdene på Austlandet, men særleg Moe drog òg lenger. Dei klarte å vitja store delar av Sør-Noreg, frå fjorddalar til høgfjellsbygder.


Dei to kunne reisa saman, men for å dekkja eit så stort område som råd skilde dei oftare lag. Dei hadde òg ulike interessefelt; Asbjørnsen likte best soger og folketru, medan Moe satsa på folkeviser. Men eventyra brann dei for, båe to. Asbjørnsen likte kortare skjemteeventyr betre, medan Moe såg etter undereventyr og kristne legender.


Asbjørnsen og Moe var ein del av den norske nasjonalreisinga. Dei leitte etter ein særnorsk kulturskatt, og var særleg interesserte i gamle dialektord og anna som gjorde eventyra dei fann, typisk norske. I utgjevingane deira var likevel eventyra skrivne på dansk, men med mange norske ord som mykje danna folk på den tida såg på som vulgære.


Samlinga Norske folkeeventyr vart gjeven ut i åra frå 1841 til 1844 og vart seinare omsett til fleire språk. Ho vart då, og er framleis, sett på som eit viktig tilskot til komparativ mytologi i Europa.


Bakgrunnsstoff



  • Asbjørnsen og Moe samla verk, nynorsk på Gullvekta


  • Norske folkeeventyr på prosjekt Runeberg

    Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva