Konsentrasjon




I kjemi er konsentrasjon eit mål for mengda av eit stoff i eit gitt volum av ei løysning eller blanding. Ofte vert c brukt som symbol for konsentrasjon. Særleg i likevektskonstantar vert òg [A] brukt for konsentrasjonen av stoffet A.


I løysningar er ein gjerne interessert i konsentrasjonen av løyst stoff. Jo meir stoff som er løyst jo meir konsentrert er løysninga. Når konsentrasjonen er liten snakkar ein ofte om tynne eller fortynna løysningar. Det er særleg vanleg å snakka om fortynna syrer og basar. Det er ei grense for kor mykje av eit stoff som kan løysast i eit bestemd løysemiddel. Når denne konsentrasjonen er nådd er løysninga metta. Held ein fram med å setja til meir stoff, vil det fellast ut.



Einingar for konsentrasjon |


Konsentrasjon kan gjevast i ulike einingar, til dømes:




  • molar (M), det same som mol per liter (mol/L)


  • molal (m), det same som mol per kilogram


  • gram per liter (g/L)


  • masseprosent som er kor mange prosent av den totale massen som kjem frå eit gjeve stoff.


  • volumprosent som er kor mange prosent av det totale volumet som kjem frå eit gjeve stoff.


  • ppm (parts per million)


  • ppb (parts per billion)


Konsentrasjonar kan òg gjevast i molbrøkar. Da vert x ofte brukt som symbol. Talet på mol av stoffet vert da delt på det så mange mol stoff det totalt er i løysninga eller blandinga.



Sjå òg |



  • Diffusjon

  • Osmose

  • Titrering




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva