Måleinstrument




Eit måleinstrument er eit instrument for å måla noko med. Eit måleinstrument kan vera alt frå enkle instrument som eit kvikksølvtermometer eller eit måleband, til det avanserte måleelement med tilhøyrande måleomformarar.




Innhaldsliste






  • 1 Standardisering


  • 2 Kalibrering


  • 3 Ulike måleinstrument


  • 4 Sjå og





Standardisering |


Einingane til dei ulike verdiane som eit måleinstrument skal måla er fastsett i internasjonalt standardar. Ulike system har har i bruk opp gjennom historie, men dei fleste landa har offisielt gått over til SI-systemet, som er det mest moderne av fleire metriske system.


Nokre land, som Burma, Liberia og USA, nyttar framleis gamle einingar som ikkje har opphav i det metriske systemet. I nokre land som offisielt har gått over til SI-systemet, som Storbritannia og Canada, vert gamle ikkje-metriske einingar nytta til daglegdags. Nokre bransjar helt òg fram med å nytta einingar frå det gamle MKS systemet. I denne denne artikkelen vert det nytta einingar frå SI-systemet.


Det finst òg fleire standardar for kalibrering og merking av ulike måleinstrument.



Kalibrering |


Eit måleinstrument vert kalibrert for at det skal samsvara med standardane. Kalibrering er å auka grannsemda i målinga. Når eit instrument vert kalibrert, vert det samanlikna med eit anna instrument som har høgare krav til grannsemd. Instrumentet som vert brukt til kalibreringa, skal vera minst tre gonger så nøyaktig som instrumentet ein kalibrerar. Det skal kunna sporast kva for eit instrument som er brukt i kalibreringa, difor vert det skrive eit kalibreringssertifikat når kalibreringa er ferdig. Alle måleelement og måleomformarar skal ha eit slikt prov på at det er kalibrert mot eit meir nøyaktig instrument. Dette kallar ein sporevne. Krava til grannsemd etter kalibrering varierer ut frå kva instrumentet skal brukast til.



Ulike måleinstrument |




  • Tid vert målt med klokker (ur) av ymse slag


  • Lengd vert målt med meterstokk, skyvelære, mikrometer e.l. SI-eninga er meter.


  • Volum vert målt med t.d. litermål. SI-eninga er kubikkmeter (m³), med liter vert ofte nytta.


  • Trykk vert målt med eit barometer eller eit manometer. SI-eninga er pascal,.
    • For å samanlikna to ulike trykk kan ein bruka ein differansetrykkmålar, som også vert brukte indirekte til å måla t.d. gjennomstrøyming eller nivå.



  • Væskestraum vert målt med gjennomstrøymingsmålar. Måleininga er m³/s, men liter per minutt er òg i bruk.


  • Masse vert målt med ei vekt (sjølv om dette namnet er missvisande). SI-eninga er kilogram.


  • Temperatur vert målt med termometer. SI-eninga er Kelvin, men grader Celsius (°C) er meir utbreidd.


  • Luminans (illuminans, ljosstyrke) vert målt med eit luxmeter. SI-eninga er lux (lumen / m2).


  • Lydtrykk vert målt med lydtrykkmålar, SI-eninga er Pascal.


  • Lydtrykknivå er forholdet mellom målt lydtrykk og eit referanselydtrykk (den minstre lydtrykket ein gjennomsnittsperson registrerer; standardisert til = 20 µPa), og vert målt med ein lydnivåmålar. Måleininga er desibel.

  • Spenning vert målt med voltmeter. SI-eninga er volt.

  • Straum vert målt med amperemeter. SI-eninga er ampere.

  • Motstand vert målt med ohmmeter. SI-eninga er ohm.

  • Eit multimeter er eit kombiinstrument som kan måla straum, spenning og elektrisk motstand. Mange multimeter har òg andre funksjonar, som til dømes diodetestar og transistortestar.


  • Fart vert målt med speedometer eller ein annan fartsmålar. SI-eninga er meter per sekund.


  • Akselerasjon vert målt med akselerometer. SI-eninga er m/s2.


  • Fukt vert målt med eit hygrometer.


  • pH vert målt med eit pH-meter.



Sjå og |



  • Reguleringsteknikk

  • Instrumentering





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva