Grasfamilien





































Grasfamilien

Bambusen Phyllostachys aurea
Bambusen Phyllostachys aurea

Systematikk

Rike:

Plante Plantae

Underrike:

Viridiplantae

Infrarike:

Streptophyta

Overrekkje:

Landplantar Embryophyta

Rekkje:

Karplantar Tracheophyta

Orden:

Grasordenen Poales

Familie:

Grasfamilien Poaceae
Barnhart, 1895



Grassletter i Indre Mongolia.




Maisåker i USA.





Tussokgras på Sør-Georgia.


Grasfamilien er ei stor gruppe plantar einfrøblada dekkfrøplantar som veks over nesten heile verda. Ho omfattar over 10 000 ville og dyrka artar, og er den femte største plantefamilien[a][1] I Noreg finst kring 160 grarartar, fordelt på kring 60 slekter.


Grassletter utgjer rundt 20 % av vegetasjonsdekket på jorda. Grasplantar veks også i andre habitat, som skog, tundra og våtmark. Grasfamilien er økonomisk svært viktig, i og med at alle kornsortane høyrer til her. Korn vert skild frå dei andre artane som gruppa åkervekster. Dei viktigaste grasplantene er mellom anna havre, rug, bygg, kveite, ris, mais, durra, sukkerrøyr, bambus, timotei og raps.


Grasliknande vekstar som siv, sjøgras og halvgras høyrer ikkje til grasfamilien.




Innhaldsliste






  • 1 Gras til mat og fôr


  • 2 Oversyn


  • 3 Sjå òg


  • 4 Merknadar


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Gras til mat og fôr |


Grasplantene har vore nytta av menneske frå førhistorisk tid og har vorte nytta som mat til menneske i form av korn og som fôr til husdyr.


Frå gras til mat er det det mogne frøet (kornet) den viktigaste delen av planta. Kornet blei sådd om våren, i våronna, og hausta om hausten, i skuronna.


Frå gras til fôr er det blada og stenglane som utgjer den viktige delen av avlinga. Gras til fôr beitast direkte eller vert hausta fleire gongar i sesongen (slåttonn) og vert konservert anten ved tørking til høy eller vert ensilert som surfôr i tårnsilo, plansilo eller rundballar.



Oversyn |




  • bambus (Bambusoideae)

  • Oryzoideae

    • ris (Oryza)


  • Panicoideae


    • durra (Andropogon)


    • sitrongras (Cymbopogon)


    • hirse (Panicum)


    • sukkerrøyr (Saccharum)


    • mais (Zea)



  • Pooideae


    • kvein (Agrostis)


    • havre (Avena)


    • faks (Bromus)


    • røyrkvein (Calamagrostis)


    • kveke (Elymus)


    • svingel (Festuca)


    • bygg (Hordeum)


    • raigras (Lolium)


    • timotei (Phleum)


    • rapp (Poa)


    • kveite (Triticum)


    • rug (Secale)





Sjå òg |


  • Kunstgras


Merknadar |





  1. Etter Asteraceae, Orchidaceae, Fabaceae og Rubiaceae




Kjelder |





  1. Stevens, P.F. «Angiosperm Phylogeny Website». Henta 2007-10-07. 




  • Delar av denne artikkelen bygger på «Poaceae» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2015.



Bakgrunnsstoff |



Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva