Kievriket

Multi tool use
Kievriket (òg kjend som Kiev-Rus eller Rus’; ukrainsk Київська Русь – Kyjivs’ka Rus’; russisk Киевская Русь – Kijevskaja Rus’, kyrkjeslavisk Кыѥвьска Рѹсь – Kyjev’ska Rus’, stundom vert den noko unøyaktige forma Kiev-Russland òg nytta på norsk) var ein stat som eksisterte frå om lag 880 til midten på 1100-talet. Sentrum i riket låg i Dneprdalen i dagens Ukraina og omfatta òg dagens Kviterussland og sentrale delar av det som i dag er den europeiske delen av Russland, ikke minst Opolje-området nordaust for Moskva med byar som Vladimir, Suzdal og Jaroslavl.
Riket var den første slaviske statsdanninga. Sentralt i danninga av riket var nordiske varjagar, spesielt Oleg av Novgorod.
Skal ein tru den såkalla Nestorkrønika, skrive i Huleklosteret i Kiev omkring år 1100, blei riket grunnlagt av den skandinaviske hovdingen Rurik i året 862. Krøniken fortel om ein skandinavisk hovding som blei bede av dei slaviske og finske stammene i Nord-Russland om å kome og herske over dei. Landet vårt er stort og rikt, men det er ikkje nokon orden der, sa dei finske og slaviske stammene til Rurik, etter kva krønika fortel. Rurik slo seg ned i Aldeigjuborg, byen som i dag heiter Staraja Ladoga, som ligg like sør for Ladoga. Etterfølgarane til Rurik skaffa seg så kontroll fyrst med Novgorod og sidan med Kiev. Då Kiev blei innteke av dei skandinaviske varjagaene, hadde dei skaffa seg kontroll med mesteparten av handelsruta frå Austersjøen til Svartehavet, sjølve hovudvegen frå Skandinavia til Konstantinopel.
Opplysningane om kva som skjedde då Kiev-riket blei grunnlagt, er sjølvsagt ikkje pålitelege, men speglar dei minna ein hadde meir enn 200 år seinare om det som var hendt. At det var eit sterkt skandinavisk element blant dei som la grunnen for riket, er det liten grunn til ikkje å tru.
På 1200-talet gjekk staten i oppløysing, mellom anna på grunn av mongolinvasjonen og mindre handel etter plyndringa av Konstantinopel under det fjerde krosstoget. Kievriket blei etterfølgd av fleire småstatar, mellom anna Vladimir-Suzdal, Galitsj-Volynia og Republikken Novgorod.
Sjå òg |
Rusarar

Denne Russlandartikkelen som har med Ukraina og Historie å gjere er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.
841Vrqf ZyUUOVlAdHv2 SXPQbIodmIUx9Bz6jsZcXo,frJDdGoioqXoG,lx4LHJ2j1 SiYmLS5 5rATJtZHmKrDMB6wnTegpR6kWwdK
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...