Snønipa

Multi tool use
Snønipa
|
fjell
|
Snønipa i kveldssol mai 2006
|
Land
|
Noreg
|
Område
|
Jølster (Sogn og Fjordane)
|
|
Høgd
|
1 827 moh
|
Primærfaktor
|
740 m
|
|
|
Lettast tilkomst
|
Frå Haugastøylen.
|
|
Koordinatar
|
61°40′41″N 06°41′25″EKoordinatar: 61°40′41″N 06°41′25″E
|
|
Snønipa er det høgaste fjellet i Jølster kommune og Gloppen kommune og 1827 meter høgt. Fjellet ligg på vestsida av Jostedalsbreen i den bredelen som heiter Myklebustbreen, på grensa mellom Jølster, Gloppen og Stryn. Snønipa er ein såkalla nunatak, dvs. eit fjell som stikk opp gjennom ein isbre. Han er den høgaste delen av Myklebustbreen som med 57 kvadratkilometer er rekna som den sjuande største breen i Noreg utan om Svalbard. Frå toppen har ein særs flott utsikt over Myklebustbreen sine kvite flater og mot Jostedalsbreen i aust.
Tilkomst |

Frå toppen av Snønipa kan ein sjå nordover på Myklebustbreen.
Standardruta er frå Stardalen der det går kjerreveg opp Haugadalen til Haugastaulen (merkt sti vidare gjennom Oldeskaret til Oldendalen). Ca. 1 km innanfor Haugastaulen forlet ein ruta mot Oldeskaret, og ein går opp til tunga på Haugabreen og opp denne. Hugs at om ein skal gå på dalbreen Haugabreen, då trengst breutstyr. Ein går forbi, under, toppen og i ein nordleg bue før ein kjem inn mot toppen frå nordaust.
Ei anna rute som er fin kring juni, er å starte frå Innvikdalen ved Prestestøylen. Der går ein opp eggen på Storlogpikjen, så på ski forbi Ceciliekruna og 2-3 mil over Myklebustbreen (Snønipbreen). Toppen tek ein her ogso frå nordaust opp til 1827 meterpunktet.
Bakgrunnsstoff |
Artikkel om Snønipa på peakbook.org

Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.
uWZXGpC9OCEAVzNJ
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...