Grekarar

Multi tool use

Gravstelen til Philoxenos og Philoumene, eit gresk par frå Aten rundt 400 f.Kr.)
Grekarar (gresk Έλληνες, ˈelines) er ei folkegruppe frå Hellas, Kypros, kringliggjande område og utvandra grupper over heile verda.[1] Grekarar har hatt stor innverknad på vestleg kultur gjennom filosofi, kultur, mytologi og teologi frå antikken og mellomalderen.
I oldtida viste namnet til ein gresk eller hellensk stamme i Vest-Hellas. Romarane og andre italiske folk nytta seinare nemninga om hellenarane generelt, og gjennom latinen er «grekarar» også i moderne språk blitt den vanlege nemninga på innbyggjarane i Hellas og etterkomarane deira.
Grekarar har historisk danna koloniar og greske samfunn i alle middelhavslanda, men har hatt hovudkonsetrasjonen sin ved Egearhavet og Det joniske havet. Her har ein tala gresk sidan bronsealderen.[2]
Fram til byrjinga av 1900-talet budde grekarar spreidd overalt frå den greske halvøya til vestkysten av Anatolia, Pontus ved Svartehavet, Konstantinopel, Egypt, Kypros og Sør-Italia. Mange av desse områda var del av Austromarriket på 1000-talet, medan andre var grunnlagde som tidlegare greske koloniar.[3]
Som følgje av Den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 fann det stad ei omfattande utveksling av innbyggjarar mellom Hellas og Tyrkia. Dei fleste grekarane frå Det osmanske riket/Tyrkia måtte no bu i det som no er staten Hellas eller på Kypros.
Utanom Hellas og Republikken Kypros bur det no større grupper grekarar i USA, Storbritannia, Tyskland, Australia, Canada og Albania.
Dei fleste grekarar er kristne tilknytte den gresk-ortodokse kyrkja.[4]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Greeks» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Roberts, J.M. (2004). The New Penguin History of the World. Penguin. s. 171–172, 222. ISBN 978-0-14-103042-5.
↑ «The Greeks». Encyclopædia Britannica. US: Encyclopædia Britannica Inc. 2008. Online Edition.
↑ Beaton, R. (1996). The Medieval Greek Romance. Routledge. s. 1–25. ISBN 0-415-12032-2.
↑ CIA World Factbook: Greece: Greek Orthodox 98%, Greek Muslim 1.3%, other 0.7%.
«Grekere» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff |
World Council of Hellenes Abroad (SAE)
uIsVQNYXNnY
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...