Vartryreservoaret
Vartryreservoaret | |
innsjø | |
Land | Irland |
---|---|
Område | County Wicklow |
Innsjøtype | Lough |
Koordinatar | Koordinatar: |
Vartryreservoaret er eit reservoar ved Roundwood i County Wicklow i Republikken Irland. Mellom 1862 og 1868 vart det nedre reservoar danna av ein jorddemning over dalen til elva Vartry.
Reservoaret har ein kapasitet på 11,3 milliardar liter og har eit maksimalt djup på 18,3 meter.
Ein annan del av elva, 3,5 km lenger oppe, vart demma opp i 1923 og danna den øvre delen av reservoaret, som har ein kapasitet på 5,6 milliardar liter og er 13,4 meter på det djupaste.
Vatnet går i røyr frå Vartry til eit stort vassreservoar i Stillorgan i dei sørlege forstadane til Dublin.
Sjå òg |
- Innsjøar på Irland
Bakgrunnsstoff |
- Dublin byråd
- Artikkel om vassforsyninga til Dublin
- Luftfoto
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Vartry Reservoir frå Engelsk Wikipedia .
|