Levkosía


























Lévkosía (Nikosia)
Λευκωσία
Lefkoşa


Utsyn over den sentrale delen av Lévkosía
Utsyn over den sentrale delen av Lévkosía
Styresmakter
Land
Distrikt
Land
Distrikt

Republikken Kypros
Levkosía
Nord-Kypros
Lefkoşa
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011)


91 489
Koordinatar

35°10′″N 33°21′″EKoordinatar: 35°10′″N 33°21′″E
Diverse anna

Heimeside: http://www.nicosia.org.cy/
(Kypriotisk kommune)
https://www.lefkosabelediyesi.org/
(Nord-kypriotisk kommune)
Plassering




Levkosía is located in Kypros










Lévkosía (gresk Λευκωσία, tyrkisk Lefkoşa) eller Nikosia, engelsk og eldre norsk Nicosia, på gresk òg Χώρα (Khóra), er hovudstaden og den største byen på Kypros. Han ligg ved elva Pediéos om lag midt på øya. Levkosía er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[1]


Den tyrkiske invasjonen i 1974 okkuperte 36 % av øya og delte hovudstaden i to. Etter det har den nordlege delen av busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lefkoşa (Nord-Levkosía) i distriktet Lefkoşa.[2] Dei tyrkiske kypriotane nyttar byen som hovudstad i Nord-Kypros, som ikkje er internasjonalt anerkjend av andre land enn Tyrkia.


Levkosía er ein moderne, dynamisk hovudstad med mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Byen er eit handelssentrum og produserer tekstilar, lêr, keramikk, plastikk og andre produkt. I nærleiken ligg kopargruver. I den sørlege forstaden Latsiá ligg Kypros universitet.




Innhaldsliste






  • 1 Administrasjon og folketal


    • 1.1 Levkosía, republikken Kypros


    • 1.2 Lefkoşa, Nord-Kypros




  • 2 Historie


  • 3 Kjelder





Administrasjon og folketal |



Levkosía, republikken Kypros |


Ved folketeljinga i 2011 hadde den delen av kommunen Levkosía som er under kontroll av styresmaktene, 55 014 innbyggjarar, fordelt på bydelane:[3]



  • Ájos Andréas (5 767 innbyggjarar)

  • Trypiótis (2 158 innbyggjarar)

  • Nembetkhané (189 innbyggjarar)

  • Tambakkhané (299 innbyggjarar)

  • Faneroméni (512 innbyggjarar)

  • Ájos Sávvas (581 innbyggjarar)

  • Omerié (206 innbyggjarar)

  • Ájos Andónios (5 801 innbyggjarar)

  • Ájos Ioánnis (221 innbyggjarar)

  • Taktelkalé (826 innbyggjarar)

  • Khrysalinótissa (124 innbyggjarar)

  • Ájos Kassianós (82 innbyggjarar)

  • Kaymaklí (11 564 innbyggjarar)

  • Panajía (12 398 innbyggjarar)

  • Áji Konstandínos ke Eléni (3 209 innbyggjarar)

  • Áji Omologités (10 528 innbyggjarar)

  • Aráp Akhmét (50 innbyggjarar)

  • Jéni Tzamí (215 innbyggjarar)

  • Omorfíta (284 innbyggjarar)


Storbyområdet til Levkosía omfattar òg kommunane Aglandziá, Ájos Dométios, Éngomi, Jéri, Lakatámia, Latsiá, Stróvolos og Tséri og hadde i 2011 i alt 244 556 innbyggjarar.



Lefkoşa, Nord-Kypros |


Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Lefkoşa 61 738 innbyggjarar. Av desse budde 36 475 i sjølve byen, fordelt på bydelane:[2]



  • Abdi Çavuş (568 innbyggjarar)

  • Akkavuk (793 innbyggjarar)

  • Arabahmet (561 innbyggjarar)

  • Ayyildiz (489 innbyggjarar)

  • Çağlayan (1 307 innbyggjarar)

  • Göçmenköy (3 003 innbyggjarar)

  • Haydarpaşa (155 innbyggjarar)

  • İbrahimpaşa (566 innbyggjarar)

  • İplikpazari (229 innbyggjarar)

  • Kafesli (233 innbyggjarar)

  • Karamanzade (351 innbyggjarar)

  • Köşklüçiftlik (2 939 innbyggjarar)

  • Kumsal (1 855 innbyggjarar)

  • Küçük Kaymakli (10 572 innbyggjarar)

  • Mahmutpaşa (314 innbyggjarar)

  • Marmara (3 081 innbyggjarar)

  • Selimiye (878 innbyggjarar)

  • Taşkinköy (3 847 innbyggjarar)

  • Yenicami (1 663 innbyggjarar)

  • Yenişehir (3 715 innbyggjarar)


I resten av kommunen budde det 25 263 innbyggjarar, fordelt på busetnadene:[3]




  • Aydemet (Ájos Dométios) (2 314 innbyggjarar)


  • Kızılay (Trákhonas) (3 535 innbyggjarar)


  • Ortaköy (Ortákioi) (9 868 innbyggjarar)


  • Hamitköy (Mándres) (5 338 innbyggjarar)


  • Haspolat (Mía Miliá) (4 208 innbyggjarar)


Storbyområdet til Lefkoşa (Nord-Levkosía) omfattar òg kommunane Alayköy (Jerólakkos) og Gönyeli (Kióneli) og hadde i 2011 i alt 82 539 innbyggjarar.[4][2]



Historie |


Byen vart grunnlagd av egyptarar på 300-talet. I antikken vart byen kalla Ledrae. Det greske namnet Levkosía kjem frå Ptolemaios I av Egypt sin son, som grunnla byen. På 1000-talet vart byen hovudstad på Kypros. Under namnet Ledrea kom Levkosía inn under Venezia i 1489. Namnet Nikosia byrja ein å bruke på 1100-talet. Då osmanarane erobra byen i 1570 vart om lag 20 000 menneske skada. Rundt 1960, då Kypros fekk sjølvstende av Storbritannia, starta ein valdeleg periode mellom dei greske og tyrkiske kypriotane, og i 1974 invaderte Tyrkia øya. Sidan den gong har det byen har vore delt av ei SN-sone i byen, «den grøne linja».



Kjelder |





  1. Unionen av kypriotiske kommunar (Union of Cyprus Municipalities), kommuneoversyn


  2. 2,02,12,2 Folketeljing Nord-Kypros 2011


  3. 3,03,1 Folketeljing 2011


  4. Nord-kypriotiske byplanstyresmakter (Şehir Planlama Dairesi), notat






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva