America av Neil Diamond
America Singel av Neil Diamond frå albumet The Jazz Singer soundtrack | ||
B-side | «Songs of Life» | |
---|---|---|
Utgjeve | 25. april 1981 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:27 (singel) 4:19 (album) | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Bob Gaudio | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Hello Again» (1981) | America | «Yesterday's Songs» (1981) |
«America» (òg kjend som «They're Coming to America» eller «Coming to America«) er namnet på ein patriotisk song skriven og opphavleg spelt inn av Neil Diamond i 1980 som ein del av The Jazz Singer. Songen vart ein hit i USA i 1981 og nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 vart den sjette singelen til Diamond som nådde toppen av Adult Contemporary-lista.[1]Billboard vart rangert som den 62. beste popsingelen for 1981.[2] Sjølv om det kan høyrast ut som eit konsertopptak, vart songen spelt inn i studio, og lyden av publikum lagt på sidan.
Innhaldsliste
1 Bakgrunn
2 Andre versjonar
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Bakgrunn |
Temaet i songen er ei positiv tolking av innvandringa til USA både tidleg på 1900-talet og i dag. Songen endar med at den tradiosjonelle patriotiske songen «My Country, 'Tis of Thee» vert blanda inn.
Songen var mellom nytta som kjenningsmelodi for presidentkampanjen til Michael Dukakis i 1988 og som marknadsføring for sommar-OL i 1996. Diamond song òg songen ved hundreårsjubileet for Fridomsgudinna.[3]
Kort tid etter terroråtaka i New York 2001 endra Diamond teksten på «America» noko på konsertane sine. I staden for «They're comin' to America», mot slutten vart det «Stand up for America».[4][5]
Trass i den patriotiske meldingar vart han av Clear Channel Communications rekna med blant sonane som vart rekna som upassande etter 11. september-åtaka. [6]
Andre versjonar |
New Age-pianisten David Lanz spelte ein versjon av songen av albumet Finding Paradise.[7]
Den argentinske rockeartisten Laureano Brizuela spelte òg songen, på spansk, i 1989.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «America (Neil Diamond song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2013.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 78.
↑ «Pop Singles». Billboard Magazine. December 26, 1980. s. YE-9. Henta 2012-08-16.
↑ Laura Jackson. Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion (ECW Press, 2005): s. 165.
↑ Isaac Guzman, "American Icon: Neil Diamond shows his colors at Garden concert." Daily News Feature Writer.
↑ Scott Holleran. "Neil Diamond Diamond Shines in Red, White and Blue" (2001). Los Angeles Daily News.
↑ Strauss, Neil (2001-11-19). «The Pop Life; After the Horror, Radio Stations Pull Some Songs». Arts (The New York Times). Henta 3. september 2013.
↑ «Finding Paradise overview». Allmusic.com.
Bakgrunnsstoff |
- Tekst frå Neildiamondhomepage.com
Singlane til Neil Diamond | |
---|---|
1960-åra | 1962: «You Are My Love at Last» · «I'm Afraid» 1969: «Brother Love's Travelling Salvation Show» · «Sweet Caroline» · «Holly Holy» |
1970-åra | 1970: «Shilo» · «Until It's Time for You to Go» · «Soolaimon» · «And The Grass Won't Pay No Mind» · «Solitary Man» · «Cracklin' Rosie» · «He Ain't Heavy, He's My Brother» · «Do It» 1979: «Forever in Blue Jeans» · «Say Maybe» · «The American Popular Song» · «September Morn» |
1980-åra | 1980: «That Kind» · «The Good Lord Loves You» · «Dancing in the Street» · «Love on the Rocks» 1983: «I'm Alive» · «Turn Around» |