Boris Spasskij






Boris Spasskij held ei simultanoppvising i 1989


Boris Vasiljevitsj Spasskij (fødd 30. januar 1937), russisk Борис Васильевич Спасский er ein opphavleg russisk og no fransk sjakkspelar, verdsmeister i sjakk frå 1969 til 1972.


Spasskij var fødd i Leningrad (no St. Petersburg). Han representerte Sovjetunionen fram til 1975, då han flytta til Frankrike. Han er i dag fransk statsborgar. Han vann VM-tittelen ved å slå Tigran Petrosjan i ein VM-kamp i 1969. Spasskij tapte den neste VM-kampen i 1972, da han vart slått av amerikanaren Bobby Fischer i Reykjavík.




Innhaldsliste






  • 1 Sjakk-karriere


  • 2 Berømte sjakkparti


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder


  • 5 Fotnotar





Sjakk-karriere |


Boris Spasskij vart junior-verdsmeister i sjakk i 1955. Same året blei han stormeister i sjakk, som den yngste til då. I 1956 delte han førsteplassen i Sovjetmeisterskapen i sjakk, noko han også gjorde i 1963, og han vann åleine i 1961 og 1973.


Sju gongar kvalifiserte han seg for kandidatturneringa til VM i sjakk, i 1956, 1965, 1968, 1974, 1977, 1980 og 1985. Han vann kandidatturneringa i 1965, og kvalifiserte seg til VM-kamp mot Tigran Petrosjan i 1966, men tapte denne. Ved neste høve gjekk det betre, han vann også kandidaturneringa i 1968, og deretter i 1969 VM-kampen mot Petrosjan.


Boris Spasskij vart tildelt Sjakk-Oscar for åra 1968 og 1969.


Tre år etter måtte Spasskij likevel gje frå seg VM-tittelen, etter at han tapte VM-kampen i Reykjavik mot Bobby Fischer i 1972.



For meir om dette emnet, sjå Verdsmeisterskapen i sjakk i 1972.



Berømte sjakkparti |




  • [1] Spasskij-David Bronstein, Sovjetmeisterskapen 1960, Kongegambit, 1-0, 23 trekk - Spasskij slår VM-finalisten i 1951 med kongegambit


  • [2] Spasskij-Tigran Petrosjan, VM 1969, det 19. partiet, Siciliansk, Najdorf-varianten, 1-0, 24 trekk - med siger i dette partiet går Spasskij opp i leiinga med 10,5-8,5 i VM


  • [3] Bent Larsen-Spasskij, Resten av verda mot Sovjetunionen, Beograd 1970, første runde, 17 trekk - Spasskij utnyttar Larsen sitt svake opningsspel med spektakulære trekk



Bakgrunnsstoff |



  • Boris Spasskij sine parti på Chessgames.com

  • Boris Spasskij sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE



Kjelder |



  • Sigurd Heiestad - Øystein Brekke: VM sjakk i 100 år, Aventura 1986, ISBN 82-588-0435-9

  • Thor Støre: Århundrets sjakk-kamp, Gyldendal 1973, ISBN 82-05-05769-9

  • Bent Larsen: Spasskij - Fischer 72, Dansk Skak Union 1973, ISBN 87-87055-20-1

  • Mark Weeks si side på engelsk med oversikt over alle sjakk-VM

  • Chessgames.com si side om VM 1966

  • Chessgames.com si side om VM 1969

  • Chessgames.com si side om VM 1972

  • Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv



Fotnotar |







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva