Kvinnenamnet Charlotte på skilt som viser at det også er eit populært stadnamn.
Foto: Ernie & Katy Newton Lawley
Kvinnenamn er personnamn som hovudsakleg blir gjevne til kvinner. Slike namn kan òg knytast til andre vesen eller ting eller for å gjera dei «kvinnelege».
Medan mange kulturar skil mellom kvinne- og mannsnamn, finst det òg ein del som ikkje gjer det (til dømes på Hawaii før amerikaniseringa.[1]). Det er også vanleg å ha ein større eller mindre del namn som kan brukast av begge kjønn.
Kvinnenamn har ein tendens til å følgja moten meir enn mannsnamn, både ved at bruken endrar seg raskt og ved at ein lettare lager nye, gjerne fantasifulle namn.[2]
Innhaldsliste
1Utforming
1.1Form
1.2Tyding
2Annan bruk
3Sjå òg:
4Bakgrunnsstoff
4.1Fotnotar
Utforming |
Ulike samfunn har ulike konvensjonar for korleis ein former kvinnenamn, og det finst ingen universelle reglar. Det finst likevel nokre trekk ved kvinnenamn som er vanlege mange stader i verda.
Form |
Kvinnenamn som følgjer latinske-inspirerte, europeiske tradisjonar ender ofte med -a eller -i. Mange av dei er avleidde frå mannsnamn ved å legga til ei ending, gjerne ei som tyder 'lita' (diminutiv) (som -erl, -ette, -ina, -ita).
I norrøn tid laga ein gjerne namn ved å setja saman to delar der andredelen vista kva kjønn beraren hadde. Kvinnelege namneendingar var til dømes -borg, -dis, -frid, -hild, -run og -veig.
Tyding |
Namna viser ofte til venleik, som arabisk Ghada eller skandinavisk Frida.
Namna kan enda med noko som tyder 'mor', som norsk Tullemor eller tamilsk Cellamma.
Namna kan koma frå blomar, som europeisk Rosa/Rose eller indisk Padma
Annan bruk |
På engelsk har båtar svært ofte kvinnenamn. I India har elvar nesten alltid kvinnenamn.
Sjå òg: |
Om etternamn jenter har brukafør dei skifta namn ved giftarmål, sjå oppvekstnamn.
Bakgrunnsstoff |
Dei hundre mest brukte kvinnenamna i Noreg frå SSB
Fotnotar |
↑John E. Reinecke: «Personal Names in Hawaii» i American Speech, Vol. 15, No. 4. (Dec., 1940), pp. 345-352.
↑«Kvinnenavn som pynt?» Nyhetstorget ved Universitetet i Tromsø og «name» (2007) i Encyclopædia Britannica. http://search.eb.com/eb/article-61169
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...