Tigran Vartanovitsj Petrosjan[1] (17. juni 1929–13. august 1984) var verdsmeister i sjakk frå 1963 til 1969.
Petrosjan var etnisk armenar, fødd i Tbilisi, hovudstaden i Georgia, Sovjetunionen. Han døydde i Moskva.
I 1963 slo han Mikhail Botvinnik 12,5–9,5 i kampen om VM-tittelen. Petrosjan forsvarte tittelen i 1966, då han slo Boris Spasskij 12,5–11,5. I 1969 tapte han tittelen til Spasskij (10,5–12,5).
Åtte gongar kvalifiserte han seg for kandidatturneringa til VM i sjakk, i 1953, 1956, 1959, 1962, 1971, 1974, 1977 og 1980. Han vann kandidatturneringa på Curaçao i 1962, og kvalifiserte seg med dette til VM-kamp mot Botvinnik i 1963. Han spelte VM-kampar i 1966 og 1969, og var dermed med i 10 VM på rad med på kandidatturnering-nivå eller over.
Tigran Petrosjan vann Sovjet-meisterskapen i sjakk fire gongar, i 1959, 1961, 1969 og 1975.
Innhaldsliste
1Berømte sjakkparti
2Bakgrunnsstoff
3Kjelder
4Fotnotar
Berømte sjakkparti |
Tigran Petrosjan - Ludek Pachman, lukka siciliansk, Bled 1961 - På berre 21 trekk blir stormeister Pachman feia av brettet med eit dronningoffer, og så eit stille trekk - og matt er deretter uunngåeleg
Bakgrunnsstoff |
Tigran Petrosjan sine parti på Chessgames.com
Kjelder |
Sigurd Heiestad - Øystein Brekke: VM sjakk i 100 år, Aventura 1986, ISBN 82-588-0435-9
Mark Weeks si side på engelsk med oversikt over alle sjakk-VM
Chessgames.com si side om VM 1963
Chessgames.com si side om VM 1966
Chessgames.com si side om VM 1969
Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
Fotnotar |
↑armensk Տիգրան Վարդանի Պետրոսյան, russisk Тигран Вартанович Петросян
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...