Melilla






























Melilla

Horisonten til Melilla

Styresmakter
Land

Flag of Spain.svg Spania
Geografi
Flatevidd
 - By


20 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)


72000
Koordinatar

35°18′″N 2°57′″WKoordinatar: 35°18′″N 2°57′″W
Diverse anna

Nettstad: www.melilla.es
Plassering

Plassering av Melilla


Melilla (berber Tamelilt) er ein autonom by i Spania som ligg på nordkysten av Nord-Afrika ved Middelhavet. Han vart rekna som ein del av provinsen Málaga fram til 14. mars 1995, då byen fekk status som autonom by.


Melilla var ei frihamn før Spania kom inn i EU. Både spansk og berberspråk vert mykje nytta, men spansk er offisielt språk.




Innhaldsliste






  • 1 Politisk status


  • 2 Historie


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Politisk status |


Melilla er i lag med Ceuta ein av to spanske autonome byar eller såkalla plazas de soberanía.


Marokko har gjort krav på begge desse byane og har lagt til grunn av områda var ein del av Idrisid og andre muslimske dynasti frå 791 til 1497, då dei vart teken av Castilla. Eit anna argument er at Spania har gjort krav på Gibraltar, som høyrer til Storbritannia.



Historie |


Melilla var ein fønikisk og seinare punisk busetnad kalla Rusadir. Seinare vart han ein del av den romerske provinsen Mauretania Tingitana. Gjennom dei neste hundreåra var høyrte han til vandalane, Austromarriket og vestgotarar. Melilla var ein del av Kongedømet Fez då Juan Alonso Pérez de Guzmán, kjend som Guzmán el Bueno, den tredje hertugen Medina Sidonia erobra han i 1497. Eit par år tidlegare (1492) hadde Castilla fått kontroll over Kongedømet Granada, den siste resten av Al-Andalus.


Dei noverande grensene rundt det spanske området rundt festninga vart fastsett i avtalar med Marokko i 1859, 1860, 1861 og 1894. Seint på 1800-talet var Melilla den einaste autoriserte handelssenteret på Rif-kysten mellom Tetuan og grensa til Algerie.


I 1893 la Rif-berbarar ei omleiring rundt Melilla, og 25 000 mann måtte settast ut mot dei. I åra som følgde var det fleire kampar mellom spanjolane og lokale folk, særleg om nokre gruver utanfor byen. Først i 1927 klarte spanjolane å få heilt kontroll over området.


General Francisco Franco nytta byen som utgangspunkt for opprøret hans i 1936 og ein statue av han, den siste i Spania, står her framleis.



Bakgrunnsstoff |



  • Offisielle sider

  • Offisiell turistside

  • Kart over Melilla

  • Biletgalleri frå Melilla



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Melilla» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.













Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva