Finn Rønne



























Finn Rønne
Finn Ronne.png

Fødd
20. desember 1899
Horten
Død
12. januar 1980
Bethesda
Nasjonalitet Noreg
Yrke
oppdagar, offiser
Ektefelle Edith Ronne

Finn Rønne, på engelsk òg Finn Ronne (fødd 20. desember 1899 i Horten, død 12. januar 1980), var ein norsk-amerikansk antarktisutforskar.


Finn Rønne var son av Martin Rønne som deltok på Fram-ekspedisjonen til Roald Amundsen 1910–1912. Rønne emigrerte til USA i 1923 og vart amerikansk statsborgar i 1929. Etter å ha jobba for Westinghouse Electric Corporation i nokre år, deltok han i to av Richard E. Byrd sine ekspedisjonar til Antarktis.


Etter å ha tenestegjort fleire år i United States Navy, der han oppnådde grada kaptein, vende Rønne tilbake til Antarktis i 1940-åra med støtte frå American Geographical Society. Ronne Antarctic Research Expedition frå 1946 til 1948 kartla og utforska kystlinja av Weddellhavet og sette ei rekkje polarrekordar. Rønne la attende 5 800 kilometer på ski og hundesledar – meir enn nokre andre i historia. Kona hans Edith var med han på denne ekspedisjonen som historikar og nyhendekorrespondent. I 1950-åra organiserte marinen Operasjon Deepfreeze for å utfylle kartlegginga av Antarktis og etablere forskingsstasjonar. Rønne vart vitskapleg og militær leiar for ein amerikansk base ved Weddellhavet.


Rønne skreiv ei rekkje bøker om Antarktis og mange vitskaplege artiklar om polarforsking. Han mottok ei rekkje medaljar og utmerkingar for tenesta si, den geografiske utforskinga og det vitskaplege virket. Han mottok òg St. Olavs Orden. Finn Ronne Memorial Award blir delt ut av The Explorers Club til einskildpersonar som har utmerkt seg innan polarforskning.[1]Filchner-Ronne-isen inst i Weddellhavet er kalla opp etter han og den tyske polarforskaren Wilhelm Filchner.



Utgjevingar |




  • Antarctic Conquest (1949, med L. Sprague de Camp)


  • Antarctic Command (1958)


  • Ronne Expedition to Antarctica (1970)


  • Antarctica, My Destiny (1979)



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Finn Rønne» frå Wikipedia på bokmål, den 22. oktober 2012.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:


  • Hovudkjelde: Biography: Captain Finn Ronne. Naval Historical Center

  • Andre referansar:





  1. The Finn Ronne Memorial Award (The Explorers Club)







Bakgrunnsstoff |




  • Finn Rønne i Norsk biografisk leksikon

  • Time Magazine 1948

  • Biography of Finn Ronne, Arlington National Cemetery Website





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva