Morgenbladet






Framside 2. januar 1820


Morgenbladet er ei avis som kjem ut i Oslo kvar fredag. Ho har eit stadfesta nettoopplag på 15 720.[1]Ansvarleg redaktør er Anna Børve Jenssen.


Avisa har som mål å vere ei ubunden røyst i den offentlege debatten og konsentrerer seg hovudsakleg rundt temaa kultur, media, politikk, kunst og litteratur. Tidlegare var avisa ei konservativ avis.


Dei viktigaste eigarane i Morgenbladet er Forlagskonsult, Fritt Ord og Dagsavisen.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Adolf Bredo Stabell


    • 1.2 1900-talet




  • 2 Ansvarlege redaktørar


  • 3 Kjelder


    • 3.1 Litteratur


    • 3.2 På nettet:







Historie |


Boktrykkar Niels Wulfsberg stod bak den første utgåva av Morgenbladet, som kom ut 1. januar 1819. Ingen norske dagsaviser er eldre. Avisa kom med undertittelen «En daglig Avis af alle Slags Indhold» og vart trykka av det Wulfbergske Boktrykkeri under faktor Rasmus Hviid.


Morgenbladets første format var 20 x 20 cm, mindre enn dagens A4-format. Sidetalet var fire. Dette formatet heldt avisa på i 17 år.


Wulfsberg utgav til tross for at enkelte krefter meinte at ein hadde nok aviser i landet. Morgenbladet utkom samtidig med aviser som Nationalbladet, Drammens Tidende, Budstikken og Rigstidende.


Utover 1820-talet vart Morgenbladet sett på som ei av dei viktigaste avisene i Noreg.



Adolf Bredo Stabell |


Morgenbladet fekk i 1831 med Adolf Bredo Stabell, som første norske avis, ein redaktør som førte ei langsiktig politisk line. Med inspirasjon fra utlandet innførte Stabell leiarartikelen. Gjennom sitt politiske ståsted og uahenighetsideal i Morgenbladet vart Stabell ein av dei fremste bidragsytarane til utforminga av den norske redaktørrollen.



1900-talet |


Carl Joachim Hambro d.e. var Morgenbladets redaktør under og etter den første verdskrigen.


Avisa vart under den andre verdskrigen stoppa av den tyske okkupasjonsmakta i april 1943. Redaktørane Olaf Gjerløw og Fredrik Ramm vart sende i tysk fangenskap.


Etter krigen gjekk det stadig nedover med Morgenbladet.


I perioden 1963 til 1982 var Chr. Christensen (C.C.) redaktør i avisa.


Ein periode på 1980-talet vart avisa utjeven av Hroar Hansen, som også stod bak Søndag Søndag. I denne perioden var Hans Geelmuyden redaktør. Etter ei tid trekte likevel Geelmuyden og det meste av redaksjonen seg etter fleire konfliktar med Hansen.


I 1993 kjøpte Truls Lie avisa, som vart omgjort til ei vekeavis.



Ansvarlege redaktørar |




  • Niels Wulfsberg 1819–1821


  • Rasmus Hviid 1821–1831


  • Adolf Bredo Stabell 1831–1857


  • Christian Friele 1857–1894


  • Nils Vogt 1894–1913


  • C.J. Hambro 1913–1919


  • Olaf Gjærløw 1920–1940


  • Olaf Gjærløw og Fredrik Ramm 1940–1941


  • Rolv Werner Erichsen 1941–1943


  • Olaf Gjærløw 1945–1949


  • Birger Kildal 1958–1963


  • Christian Christensen 1963–1982


  • Sverre M. Gunnerud 1982–1984


  • Odd Gisholt 1984–1985 (fungerende)


  • Paul Einar Vatne 1985–1987


  • Hans Geelmuyden 1987–1988


  • Hroar Hansen 1988–1993


  • Truls Lie 1993–2003


  • Alf van der Hagen 2003–2012


  • Anna Børve Jenssen 2012–



Kjelder |





  1. «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007


Artikkeln byggjer på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen.




Litteratur |


  1. Bastiansen, Henrik G. og Dahl, Hans Fredrik : Norsk Mediehistorie – Universitetsforlaget – ISBN 82-15-00325-7



På nettet: |



  • morgenbladet.no

  • morgenbladet.no om avisens historie




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva