Black Night














































Black Night
Singel av Deep Purple


B-side
«Speed King»
«Living Wreck»

Utgjeve
5. juni 1970

Innspelt
mai 1970 i De Lane Lea

Sjanger

Hardrock, heavy metal

Lengd
3:28

Selskap

Harvest Records (UK)
Warner Bros. (US)

Låtskrivar(ar)

Ritchie Blackmore
Ian Gillan
Roger Glover
Jon Lord
Ian Paice

Produsent

Deep Purple

Deep Purple-kronologi
«River Deep - Mountain High»
(1969)

Black Night
«Strange Kind of Woman»
(1971)




«Black Night» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple, først gjeven ut som singel i juni 1970. Seinare vart songen gjeven ut som bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva av albumet In Rock. Songen vart ein hit og nådde andreplassen i Storbritannia, den høgaste plasseringa bandet nokon gong klarte i heimlandet. Det var òg den første singelen deira som vart skriven av bandet.




Innhaldsliste






  • 1 Skriveprosess og innspeling


  • 2 Konsertversjonar


  • 3 Medverkande


  • 4 Andre versjonar


  • 5 Kjelder





Skriveprosess og innspeling |


In Rock var ferdig bad EMI om ein singel som dei kunne marknadsføre albumet med. Sjølv om Roger Glover hevdar at Ricky Nelson sit rockearrangement av George Gershwin-klassikaren «Summertime» frå 1962 var grunnlaget for «Black Night»,[1] har han òg likskap med Blues Magoos sin psykedeliske hitsong «(We Ain't Got) Nothin' Yet» frå 1966.[2] I BBC-dokumentaren «Heavy Metal Britannia» støttar organisten Jon Lord Glover på dette og sa at «Black Night vart stolen frå basslinja i Ricky Nelsons Summertime» som så spelte basslinja på klaveret sitt.[3]



Konsertversjonar |


«Black Night» hamna raskt på setlista til bandet, hovudsakleg som første ekstranummer. Songen vart ikkje spelt i sin heilskap etter at Ian Gillan og Roger Glover forlet bandet i 1973, men delar av han vart ofte spelt av Ritchie Blackmore som ein del av improvisasjonane hans. Under gjenforeininga av Deep Purple i 1984 kom «Black Night» attende til setlista. Det finst mange konsertopptak av songen på forskjellige konsertalbum.



Medverkande |




  • Ian Gillan - vokal


  • Ritchie Blackmore - gitar


  • Roger Glover - bass


  • Jon Lord - orgel


  • Ian Paice - trommer



Andre versjonar |



  • I 1982 spelte post-punkgruppa The Fall songen som ein del av medley med sin eigen song «Cash 'n' Carry", som finst på 2002-utgåva av Fall in a Hole.


  • Metallica spelte introen under ekstranummera til konsertane sine i 1989.


  • Bruce Dickinson - B-sida til singelen: «Dive, Dive, Dive», spelt inn i 1990.

  • I 1991 spelte Vic Reeves inn songen for I Will Cure You.


  • Bad Manners gjorde ein ska-versjon av songen på albumet Heavy Petting i 1997.


  • CJ Crew spelte inn songen for samleplateserien Dancemania.

  • Ein versjon finst på konsert-DVDen, Castles and Dreams av Blackmore's Night frå 2005.


  • Pat Travers har spelt inn ein versjon av albumet P.T. Power Trio 2 i 2006.

  • Songen vart spelt av det amerikanske death metal-bandet Deicide på albumet The Stench of Redemption, men med omskriven tekst.

  • I 2007 spelte det finske power metal-bandet Twilight Guardians songen for det fjerde og siste albumet deira, Ghost Reborn, som eit bonusspor for den japanske versjonen av plata.



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Black Night» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  • Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock. London: Rough Guides. ISBN 1-85828-201-2. 





  1. «The Making of Black Night». Rumba Magazine. 1993. Henta 28. mai 2012. 


  2. Smith, Sid (2007-04-18). «Deep Purple In Rock Review». BBC Music. 


  3. BBC-Heavy Metal Brittania: at the 42:30 timeframe of the programme























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva