Provinsar i Spania
Spania er delt inn i femti provinsar, i tillegg til dei autonome regionane.
Provinsane var viktigare før, men etter at det vart innført autonome regionar har provinsane fått mindre makt. Dei vert framleis nytta som valdistrikt, i postadresser, retningsnummer og som geografiske haldepunkt.
Dei fleste provinsane er kalla opp etter administrasjonsbyen, bortsett frå Araba/Álava, Asturias, Bizkaia/Vizcaya, Cantabria, Gipuzkoa/Gipúzcoa, Illes Balears/Islas Baleares, La Rioja og Nafarroa/Navarra. Det er berre to byar som er hovudstader i dei autonome regionane utan å vere hovudstad i ein provins: Mérida i Extremadura og Santiago de Compostela i Galicia.
Sju autonome regionar består berre av ein provins: Asturias, Balearane, Cantabria, La Rioja, Madrid, Murcia og Navarra.
Provins | Hovudstad | Autonom region |
---|---|---|
Álava (på spansk); Araba (på baskisk) | Vitoria (på spansk); Gasteiz (på baskisk) | Baskarland |
Albacete | Albacete | Castilla-La Mancha |
Alicante (på spansk); Alacant (på katalansk) | Alicante (på spansk); Alacant (på katalansk) | Valencia |
Almería | Almería | Andalucía |
Asturias | Oviedo | Asturias |
Ávila | Ávila | Castilla y León |
Badajoz | Badajoz | Extremadura |
Balearane | Palma | Balearane |
Barcelona | Barcelona | Catalonia |
Bizkaia (på baskisk) Vizcaya (på spansk); | Bilbao (på spansk); Bilbo (på baskisk) | Baskarland |
Burgos | Burgos | Castilla y León |
Cáceres | Cáceres | Extremadura |
Cádiz | Cádiz | Andalucía |
Cantabria | Santander | Cantabria |
Castellón (på spansk); Castelló (på katalansk) | Castellón de la Plana (på spansk); Castelló de la Plana (på katalansk) | Valencia |
Ciudad Real | Ciudad Real | Castilla-La Mancha |
Córdoba | Córdoba | Andalucía |
Cuenca | Cuenca | Castilla-La Mancha |
Gerona (på spansk); Girona (på katalansk) | Gerona (på spansk); Girona (på katalansk) | Catalonia |
Granada | Granada | Andalucía |
Guadalajara | Guadalajara | Castilla-La Mancha |
Guipúzcoa (på spansk); Gipuzkoa (på baskisk); | San Sebastián (på spansk); Donostia (på baskisk) | Baskarland |
Huelva | Huelva | Andalucía |
Huesca | Huesca | Aragón |
Jaén | Jaén | Andalucía |
La Coruña (på spansk); A Coruña (på galicisk);' | La Coruña (på spansk); A Coruña (på galicisk); | Galicia |
La Rioja | Logroño | La Rioja |
León | León | Castilla y León |
Lérida (på spansk); Lleida (på katalansk) | Lérida (på spansk); Lleida (på katalansk) | Catalonia |
Lugo | Lugo | Galicia |
Madrid | Madrid | Madrid |
Málaga | Málaga | Andalucía |
Murcia | Murcia | Regionen Murcia |
Navarra (på spansk); Nafarroa (på baskisk); | Pamplona (på spansk); Iruña (på baskisk) | Navarra |
Orense (på spansk); Ourense (på galicisk) | Orense (på spansk); Ourense (på galicisk) | Galicia |
Palencia | Palencia | Castilla y León |
Las Palmas | Las Palmas | Kanariøyane |
Pontevedra | Pontevedra | Galicia |
Salamanca | Salamanca | Castilla y León |
Santa Cruz | Santa Cruz | Kanariøyane |
Segovia | Segovia | Castilla y León |
Sevilla | Sevilla | Andalucía |
Soria | Soria | Castilla y León |
Tarragona | Tarragona | Catalonia |
Teruel | Teruel | Aragón |
Toledo | Toledo | Castilla-La Mancha |
Valencia (på spansk); València (på katalansk) | Valencia (på spansk); València (på katalansk) | Valencia |
Valladolid | Valladolid | Castilla y León |
Zamora | Zamora | Castilla y León |
Zaragoza | Zaragoza | Aragón |
Sjå òg |
- Autonome regionar i Spania
- Comarcaer i Spania
Provinsar i Spania | ||
---|---|---|
A Coruña / La Coruña · |