Klassekampen
Klassekampen | |
| |
Type | Dagsavis |
---|---|
Format | Tabloid |
Grunnlagd | 1969 |
Eigarar | Raudt (20 %), Klassekampens Venner (15), Fagforbundet (15), Oktober forlag og Pax forlag (10), Industri Energi (5), småaksjonærar (35) |
Redaktør(ar) | Mari Skurdal |
Språk | Norsk |
Politisk tilknyting | Sosialistisk |
Opplag | 23 414 (2016) |
Nettstad | www.klassekampen.no |
Klassekampen er ei dagsavis for venstresida i norsk politikk. Avisa vart grunnlagd i februar 1969 som ei månadsavis. Ho har utvikla seg til ei uavhengig venstre-radikal avis med fylgjande føremålsparagraf:
- Avisa Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser – samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold, ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn.
Ansvarleg redaktør er Mari Skurdal (f.o.m. august 2018).
Avisa har ein relativt stor del av stoffet sitt på nynorsk.
Innhaldsliste
1 Historie og namn
1.1 Opplagstal-utvikling
2 Redaktørar
2.1 Sjefsredaktørar
3 Kjelder
3.1 Fotnotar
4 Bakgrunnsstoff
Historie og namn |
Avisa er oppatt-kalla etter organet til Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, stifta i 1903.
Avisa vart altså grunnlagd i 1969, omtrent samtidig som striden i Sosialistisk Folkeparti (SF) (no Sosialistisk Venstreparti) tilspissa seg. Avisa vart talerøyr[1] for ungdomsorganisasjonen SUF(m-l) (seinare Arbeidernes Kommunistparti (AKP)) som då braut ut av SF. I januar 1973 gjekk avisa over til å bli ei vekeavis. Ho gjekk då også over til å bli det formelle organet for det nystifta partiet AKP (m-l). Frå januar 1976 gjekk dei over til å gje ut to aviser i veka, og sidan 1. april 1977 gjekk dei over til daglege utgjevingar.
Ein av dei økonomisk krisene som råka avisa, førte til at nokre av satsingane til avisa, vart lagt ned [i 1979]: jordbruksavisa Sigden, Sámiid Hilat (ei avis på samisk), og ei avis for såkalla framandarbeidarar.[2]
Frå 1991 har avisa vore ei uavhengig venstresideavis.
Opplagstal-utvikling |
Netto opplagstal - frå Mediebedriftenes Landsforening:
|
|
|
Redaktørar |
Sjefsredaktørar |
Anders M. Andersen 1969
Anders M. Andersen og Finn Aasheim 1969
Finn Aasheim 1969
Finn Aasheim og Sigurd Allern 1969-1970
Sigurd Allern 1970-1972
Finn Sjue 1973-1977
Egil Fossum 1977-1978
Egil Fossum og Sigurd Allern 1978-1979
Sigurd Allern 1979-1995
Paul Bjerke 1995-1997
Jon Michelet 1997-2002
Bjørgulv Braanen 2002-2018[3][4]
Mari Skurdal 2018-
Kjelder |
Fotnotar
↑ «Fullsatt kirke da Jon Michelet ble bisatt». Dagsavisen Moss Dagblad. 27. april 2018.
↑ Svein Lund. «Klassekampen i nord - før og no». Klassekampen. 2018-07-21. S. 43. «Kronikk & Debatt [...] Sámiid Hilat. [...] Avisa hadde ein eigen redaksjon. I tråd med den tidas «sikkerhetspolitikk» var denne ikkje publisert, men eg kan vel i dag røpe at eg var med der og skreiv nokre av dei anonyme artiklane i avisa»
↑ Alf Skjeseth (9. juni 2018). «Braanen går fra borde». Klassekampen. Henta 9. juni 2018. «Jobben med å finne ny ansvarlig redaktør etter Bjørgulv Braanen starter neste uke [...]»
↑ 2018-07-02. Klassekampen. S 26
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
- Tidlege nummer av Klassekampen i pdf-format
- Om oppbygginga av Klassekampen i Erling Folkvord si bok Rødt
- Om Klassekampen-striden i 1997 i Erling Folkvord si bok Rødt!
- «Vi som bryr oss om avisa Klassekampen» (Facebook)
- KK-forum
- Litteratur
- Rune Ottosen og Bjørn Westlie, Da «Klassekampen» ble dagsavis, i Tvedt, Terje, (ml) : en bok om maoismen i Norge. Oslo 1989, Ad Notam. ISBN 82-417-0023-7
- Alf Skjeseth: Sykle på vatnet - historia om Klassekampen. Samlaget, Oslo 2011. ISBN 978-82-521-7538-7