Shilo av Neil Diamond






































Shilo
Singel av Neil Diamond
frå albumet Just for You


B-side
«La Bamba»

Utgjeve
1970

Sjanger

Pop/Rock

Lengd
3:27

Selskap

Uni Records

Låtskrivar(ar)

Neil Diamond
Neil Diamond-kronologi
«Holly Holy»
(1969)

Shilo
«Until It's Time for You to Go»
(1970)




«Shilo» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart opphavleg spelt inn i 1967 for Bang Records, men Diamond og Bang-grunnleggjar Bert Berns var usamde om den vidare karrieren til Diamond.[1] Songaren ønskte å flytte seg bort frå tidleg tenåringspop, som Berns meinte ha måtte fortsette med, og Berns nekta derfor å gje ut den meir inadvente «Shilo» som singel,[2] sjølv om Diamond meinte det var ein del av utviklinga hans som artist. «Shilo» vart i staden gjeven ut som eit albumspor i 1967 på Just for You.[2] Kort tid etter krangelen med Berns, slutta Diamond i Bang og gjekk til Uni Records i 1968.


Diamond gjekk inn ein perioden utan hittar, men i januar 1970 kom karrieren hans attende på rett spor med «Sweet Caroline» og «Holly Holy» på Uni/MCA Records. Bang Records gav til slutt ut «Shilo» som singel, men med eit nytt akkompangement for å få han til å høyres meir ut som den dåverande stilen til Diamond.[2] Denne versjonen nådde 24. plassen på Billboard Hot 100 i USA våren 1970,[3] og inspirerte Bang til å gje ut eit samelalbum med Neil Diamond det året kalla Shilo.


Etter dette gav Diamond i 1968 ut det første albumet sitt med Uni, Velvet Gloves and Spit, i oktober 1970, med ei heilt ny innspeling av «Shilo».[2]


«Shilo» handla ikkje om slaget ved Shiloh under den amerikanske borgarkrigen eller den israelske byen Shilo, men om ein imaginær ven frå barndommen:[1]



Shilo, when I was young —

I used to call your name

When no one else would come,

Shilo, you always came

And we'd play ...


Songen var den mest sjølvbiografiske Diamond hadde skrive til då og refererer til ein einsam barndom.[1] Tiår seinare samanlikna Rolling Stone songen med emo-stilen.[4]


Sjølv om han ikkje var ein av dei store hittane til Diamond, har han vorte ein av dei mest kjende songane hans og fast på konsertane. Han var med på konsertalbumet Hot August Night i 1972 og nesten alle samlealbuma hans sidan.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Shilo (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2013.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,11,2 Jackson, Laura (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. ISBN 1-55022-707-6.  s. 50.


  2. 2,02,12,22,3 William Ruhlmann. «Neil Diamond: Biography». Allmusic. Henta 20. august 2013. 


  3. Whitburn, Joel (1983). The Billboard Book of Top 40 Hits: 1955 to present. Billboard Publications. ISBN 0-8230-7511-7.  s. 88.


  4. Dan Epstein (2005-11-03). «Neil Diamonds' Jewels». Rolling Stone. Henta 20. august 2013. 























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva