Cracklin' Rosie
Cracklin' Rosie Singel av Neil Diamond frå albumet Tap Root Manuscript | ||
B-side | «Lordy» | |
---|---|---|
Utgjeve | August 1970 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:56 | |
Selskap | Uni | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Tom Catalano |
«Cracklin' Rosie» er ein song frå 1970 skriven og framført av Neil Diamond for albumet Tap Root Manuscript. Dette var den første songen til Diamond som gjekk til topps på Billboard Hot 100, noko han gjorde i oktober 1970,[1] og den tredjen som selde 1 million eksemplar.[1] Det vart gjennombrotet til Diamond i Storbritannia i 1970 med ein tredjeplass på singellista der. Han nådde òg andreplassen i Australia.[2]
Singelversjonen gjeven ut av Uni Records i 1970 var i mono, medan albumversjonen på Tap Root Manuscript var i stereo.
Tyding |
Songen har ein fengande og dynamisk melodi og arrangement, og teksten ser ut til å handle ei «nattkvinne»:[1]
- Oh, I love my Rosie child —
- You got the way to make me happy.
- You and me, we go in style ...
- Cracklin' Rose, you're a store bought woman
- You make me sing like a guitar hummin' ...
I røynda er Cracklin' Rosie ein type vin. Diamond høyrte ei soge om indianske canadiarar. Stamma deira hadde fleire menn enn kvinner, så dei einsame mennene sat rundt eit bål og drakk vin i lag - noko som inspirerte han til å skrive songen.[1]
Tittelen har òg vorte tolka som ei feilstaving av ein rosévin som er «crackling», altså sprudlande.[3]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Cracklin' Rosie» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2013.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,11,21,3 Jackson, Laura (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. ISBN 1-55022-707-6. s. 70–71.
↑ «Go-Set Australian charts - 5 December 1970». Poparchives.com.au. 1970-12-05. Henta 25. august 2013.
↑ The New Wine Lover's Companion, 2nd edition, by Ron Herbst and Sharon Tyler Herbst, published by Barron's Educational Series, Inc.
Bakgrunnsstoff |
Heile songteksten på MetroLyrics
Føregangar «En enkel sang om frihet» Gro Anita Schønn | Toppen av VG-lista Neil Diamond 5 veker, veke 2–6, 1971 | Etterfylgjar «My Sweet Lord» George Harrison |
Singlane til Neil Diamond | |
---|---|
1960-åra | 1962: «You Are My Love at Last» · «I'm Afraid» 1969: «Brother Love's Travelling Salvation Show» · «Sweet Caroline» · «Holly Holy» |
1970-åra | 1970: «Shilo» · «Until It's Time for You to Go» · «Soolaimon» · «And The Grass Won't Pay No Mind» · «Solitary Man» · «Cracklin' Rosie» · «He Ain't Heavy, He's My Brother» · «Do It» 1979: «Forever in Blue Jeans» · «Say Maybe» · «The American Popular Song» · «September Morn» |
1980-åra | 1980: «That Kind» · «The Good Lord Loves You» · «Dancing in the Street» · «Love on the Rocks» 1983: «I'm Alive» · «Turn Around» |