Hare























Hare

HareLepus timidus.jpg



Vitskapleg namn

Lepus timidus

Linné, 1758




Utbreiing

Global raudliste: LC Livskraftig

Status i Noreg: LC Livskraftig






Utbreiingskart



Systematikk

Rekke:

Vertebrata

Klasse: Mammalia

Orden: Lagomorpha

Familie: Leporidae

Slekt: Lepus

L. timidus







Hare eller jase (Lepus timidus) er eit pattedyr i harefamilien.




Innhaldsliste






  • 1 Utbreiing og utsjånad


  • 2 Pels


  • 3 Forplanting


  • 4 Levevis


  • 5 Folketru


  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Kjelder





Utbreiing og utsjånad |


Haren finst frå Fennoskandia til det austlege Sibir; i tillegg finst det isolerte grupper i Alpene og på Irland. Haren har forøvrig vorte innført til Shetland og Færøyane.
Tidlegare vart polarharen rekna som ein underart av haren, men no ser ein på han som ein sjølvstendig art. Somme biologar meiner at den irske haren òg bør skiljast ut som eigen art.


I Noreg kan haren bli opp til 5 kg. Kroppslengda kan verta opptil 60 cm, halen 5–9 cm. Bakbeina er lengre og mykje kraftigare enn frambeina, og dette gjev haren ein eigen, hoppande gange. Om sommaren et haren for det meste gras, urter og blad, om vinteren gneg han på bork, lyng og skot av lauvtre.



Pels |


Om sommaren har haren brun pels. Når vinteren kjem skiftar han farge til kvit, tjukk vinterpels. Irske harar er eit unntak frå dette, dei held seg brune heile året. Nokre stader i Vest-Noreg, særleg på Jæren, får haren blågrå pels om vinteren, ikkje kvit. Den kvite fargen er til vern når snøen kjem om vinteren, men haren vert svært lett synleg i vinterpels når snøen smeltar att eller uteblir. I nordre Finland og Sverige konkurrerer haren med sørharen om leveområda. Sørharen er større, og som oftast i stand til å fordriva haren, men han er dårlegare egna til å leva i snørike område grunna mindre føter og brunare vinterpels.



Forplanting |


Hannharen vert kalla «ramlar», og hoa «sette». I paringstida er hannane ofte aggressive mot kvarandre, og deltek i «boksekampar» for å avgjera striden om settene. Paringa skjer om våren. Hoa får 1–3 kull ungar i året, vanlegvis 2–6 ungar i kvart kull. Ho byggjer ikkje reir, men føder på den mest passande staden ho finn. Drektigheitstida varer 48–52 døgn. Ungane er hårkledde og har opne augo ved fødselen. Det første kullet i året vert kalla «skarehopp», fordi snøen ofte ligg når ungane vert fødde. Etter eitt år er ungane sjølve kjønnsmogne.



Levevis |


Haren er sjølv eit byttedyr for rev, ulv, gaupe og ørn. Når haren har oppdaga ein fiende, sit han heilt i ro og flyktar fyrst når han skjønar at han har vorte sett. Som regel lagar ikkje harar lydar i det heile, men i fare kan han skrika så det høyrest ut som eit spedbarn. Haren sine beste forsvarsmiddel er snøggleik, skarpt syn og framifrå høyrsle. Haren er eit nattaktivt dyr som ikkje gjer stor skade så lenge han held seg unna dyrka mark og frukttre. Om dagen held han seg oftast i ro i ei lita grop i marka eller snøen. Som regel lever haren åleine.


Harejakta har gamle tradisjonar i Noreg, og er tillaten til visse tider kvart år.



Folketru |


Det finst mange historier om harar i den norske folketrua. Det vart sagt at viss gravide kvinner fekk sjå ein hare eller haresnute ville barnet deira få hareskår. Før i tida var det berre byfolk som åt harekjøt; bygdefolk rørte det ikkje, kanskje av di Bibelen rekna haren som eit ureint dyr.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |



  • Wikipedia på bokmål om hare.


  • «hare» i Store Norske Leksikon


  • hare, miljolare.no















































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva