Urnes stavkyrkje
Koordinatar:
Urnes stavkyrkje | |
kyrkje | |
Foto: Petr Šmerkl | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Bjørgvin |
Prosti | Indre Sogn |
Sokn | Solvorn |
Fellesråd | Luster |
Lengd | Skipet: 8 8 m x 6 7 m Koret: 6 3 m x 4 4 m/3 8 m Takhøgd i skipet: 10 7 m[1] m |
Type | langkyrkje |
Teknikk | stavverk |
Material | tre |
Innvigd | på 1130-talet |
- Endringar | noko ombygd på 1600-talet |
Takryttar | over vestre enden av skipet |
Portal | frå siste halvdel av 1000-talet |
Skip | treskipa |
Kyrkjegard | ved kyrkja |
Altartavle | 1699 |
Diverse | Krossfestingsgruppe av tre frå 1100-talet. Den eldste stavkyrkja. På Unesco si verdsarvliste frå 1979. |
Wikimedia Commons: Urnes stavkirke | |
UNESCO si liste over verdsarv | |
Innskriven ved UNESCO sin 3. sesjon i 1979 som den 58. verdsarvstaden. | |
Bakgrunnsstoff | UNESCO: Urnes stavkyrkje |
Urnes stavkyrkje er ei stavkyrkje på Ornes i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Bilder
3 Kjelder
3.1 Fotnotar
3.2 Litteratur
4 Bakgrunnsstoff
Historie |
Kyrkja vart bygd kring 1100–1150, og er rekna for å vera den eldste stavkyrkja i Noreg som er teke vare på. Dateringa, basert stilelement, peikar mot åra 1130-1160, og då Urnes stavkyrkje har ein enklare konstruksjon enn Høre stavkyrkje og Stedje stavkyrkje, kan dette tyde på at Urnes er eldre enn dei.[2] Kyrkja er ein lekk mellom den førkristne kunsten i vikingtida, med den typiske dyreornamentikken i såkalla urnesstil (namngjeve etter noko av dekoren på Urnes stavkyrkje), og den kristne stavkyrkjearkitekturen. På grunnlag av dei spora og leivningane som er funne i jorda under den noverande kyrkja under arkeologisk granskingar, meiner mange forskarar at det på same staden har vore to eller tre kyrkjer tidlegare, det vil seie på 1000-talet. Portalen i urnesstil på nordveggen i den noverande kyrkja kan vera frå ein slik tidlegare kyrkjebygning, for han har tidlegare stått i ein annan bygning, slik det syner seg av at portalvangane er tilpassa veggen ved å har vorte skorne av i toppen utan omsyn til treskurden på dei. Den eldste kyrkja på staden har truleg hatt nedgravde hjørnestolpar, veggstolpar og fire innvendige stolpar.[3]
Ei kyrkje på Ornes er første gong nemnt i 1323, då presten «sira Erlender a Ornesi» er nemnt i eit brev.[4]
Etter reformasjonen på 1500-talet blei korveggen mellom koret og skipet fjerna, og det vart opna lysgluggar. I 1607 vart veggene i koret måla. Ifølgje ein rapport frå 1665 var det då nyleg sett inn ein kvelv over alteret, men det draup likevel ned i koret og på preikestolen. I 1722 blei kyrkja skildra som «en gammel Stavekirke med Svale rundenom og et Taarn ovenpaa». Kyrkja hadde då altså framleis ein svalgang, som no er borte, unnateke på vestsida. Rundt 1850 vart kyrkja selt for 20 spesidalar. Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja i 1881. Dei fjerna det innlagte loftet, som ikkje var originalt, og lysgluggane frå etter reformasjonen.
Urnes stavkyrkje vart i 1979 teke med på UNESCO si verdsarvsliste.
Stavkyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen. Ho vert nytta til kyrkjelege handlingar berre av og til.
Bilder |
Teikning av F.W. Schiertz til I. C. Dahl si stavkyrkjebok Dresden 1837
Urnes stavkyrkje
Biskop eller kanskje pilegrim på eit kapitel på toppen av ein av stavane
Kapitel med kentaur
Kapitel med planteornamentikk
Portalen som er opphavet til nemninga urnesstil.
Dette motivet er å sjå på portalen på nordveggen av Urnes stavkyrkje.
Bronsespenne i urnesstil frå vikingtida (1000-talet). Nationalmuseet, København.
Madonna frå Urnes i Bergen Museum
Krusifiksgruppe frå stavkyrkja, med Maria og Johannes som sidefigurar. Denne kalvariegruppe skriv seg frå 1100-talet i det opphavlege mellom-alderinventaret.
Kjelder |
Fotnotar |
↑ Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
↑ Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
↑ Om tidlegare kyrkjer på staden, sjå: Krogh, Knud J. (2011): Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes og Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
↑ Primærkjelde i Diplomatarium Norvegicum VII, 98
Litteratur |
- Christie, Håkon. 2009. Urnes stavkirke : den nåværende kirken på Urnes. Oslo: Pax Forlag/Riksantikvaren. ISBN 978-82-530-3245-0
- Krogh, Knud J., Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes, i serien [Kirkene på Urnes] 2, Oslo 2011: Pax Forlag ISBN 978-82-530-3400-3
- Frøysaker, Tine, Den bemalte og forgylte kalvariegruppen fra 1100-tallet i Urnes stavkirke : konservering 2001-2003, i serien NIKU rapport – (hefte nr. 3) ISBN 82-8101-012-6
Bakgrunnsstoff |
- Riksantikvaren - Urnes stavkirke
- Fortidsminneforeningen: Urnes stavkirke
- Undervisning NRK
- stavechurch.com Urnes stavkyrkje
Vis Urnes stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Verdsarv i Noreg | ||
---|---|---|
| ||
Årstala viser kva tid staden vart teken opp på verdsarvlista. 1Delt mellom Estland, Finland, Kviterussland, Latvia, Litauen, Moldova, Noreg, Russland, Sverige og Ukraina. |
Kyrkjer i tidlegare Hafslo prestegjeld | |
---|---|
Hafslo · Solvorn · Urnes stavkyrkje · Veitastrond |
Kyrkjer i Luster kommune | |
---|---|
Dale · Fet · Fortun · Gaupne gamle · Gaupne nye · Hafslo · Joranger · Jostedal · Nes · Solvorn · Urnes stavkyrkje · Veitastrond |
Kyrkjer i Sogn prosti | |
---|---|
Arnafjord · Bakka · Borgund nye · Borgund stavkyrkje · Dale · Farnes · Feios · Fet · Fjærland · Flåm · Fortun · Fresvik · Gaupne nye · Gaupne gamle · Hafslo · Hauge · Hopperstad · Hove · Joranger · Jostedal · Kaupanger · Kvamsøy · Leikanger · Nes · Solvorn · Stedje · Sæle · Tjugum · Tønjum · Undredal · Urnes · Vangen · Vangsnes · Veitastrond · Vik · Ølmheim · Årdal |
Stavkyrkjer frå mellomalderen | |
---|---|
Borgund · Eidsborg · Flesberg · Garmo · Gol · Grip · Haltdalen · Hedalen · Hedared · Heddal · Hegge · Hopperstad · Høre · Høyjord · Kaupanger · Kvernes · Lom · Lomen · Nore · Reinli · Ringebu · Rollag · Rødven · Røldal · Torpo · Undredal · Urnes · Uvdal · Vang · Øye |
|