Haryana







































Haryana

Geografisk plassering

Delstat i India



Hovudstad

Chandigarh

Flatevidd

 - Rangering i India


44 212 km²

20..



Folketal (2001)

 - Rangering i India

 - Folketettleik


21 082 989

16..

477/km²



Grunnlagd

1. november 1966

Offisielle språk

hindi, punjabi

Guvernør
Øvste minister


A.R. Kidwai
Bhupinder Singh Hooda

Nettstad

haryana.gov.in



Haryana er ein delstat i India. Han grensar mot Panjab og Himachal Pradesh i nord, mot Uttaranchal og Uttar Pradesh i aust, mot Rajasthan sør og vest, og omsluttar saman med Uttar Pradesh hovudsstadsterritoriet Delhi.





Hindutempel i Panchkular i Haryana.


Haryana blei skild ut frå Panjab i 1966. Grunngjevinga var språkleg – innbyggjarane her er hovudsakleg hinditalande, medan fleirtalet snakkar panjabi i Panjab. Fleire panjabarar er også sikhar, medan fleirtalet i Haryana er hinduar. Samstundes er dei fleste innbyggjarane i begge statane jatar. Ved opprettinga blei Chandigarh delt hovudstad. Etter planen skulle denne overførast til Punjab i 1986, men dette skjedde ikkje.


Delstaten har ein stor industriproduksjon med fabrikkar særleg i Gurgaon, Panchkula, Panipat, Faridabad og Bahadurgarh. Delstaten produserer halvparten av alle personbilar og motorsyklar laga i India, 30% kjøleskap, 25 % av traktorar. Staten står også for 20 % av eksporten av vitskaplege instrument og 33 % av indisk programvareeksport. Fleire nasjonale og internasjonale selskap held til her. Bilfirmaet Maruti har hovudkontor i Gurgaon.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Haryana» frå Wikipedia på engelsk, og «Haryana» frå Wikipedia på dansk den 24. mars 2010.


  • haryanainvest.org


Bakgrunnsstoff |



Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva