Hiroshima er ein by på øya Honshû vest i Japan. Han er den største byen i Chugoku-regionen og hovudstad i Hiroshima-prefekturet. Byen er mest kjend for å vera den første staden ei atombombe blei brukt mot menneske, den 6. august 1945.
Hiroshima har 1 136 684 innbyggjarar (2003) og ei flatevidd på 741,63 km², slik at folketettleiken er 1532,44 personar per km².
Innhaldsliste
1Historie
2Geografi
3Økonomi
4Verd å vitja
5Bakgrunnsstoff
Historie |
Den gjenoppbygde Hiroshima-borga.
Byen blei grunnlagd i 1589 som hovudstaden til klanleiaren Mori Motonari. Under Meijitida blei han eit viktig bysenter.
Under den første sino-japanske krigen blei Hiroshima ein viktig base for det japanske militæret, noko han haldt fram med under andre verdskrigen. Han blei vald ut av amerikanarane som mål for den første atombomba brukt mot menneske som blei sloppen over byen den 6. august 1945. Eksplosjonen jamna størsteparten av byen med jorda og drap over ein tredjedel av dei 350 000 innbyggjarane før året var omme.
Atombombekuppelen. (Foto: Yasuhiro Arakawa, 2005)
Etter krigen blei Hiroshima bygd opp igjen. Den nye planen for byen inkluderte ein fredspark rundt Atombombekuppelen, ein av dei få bygningane som overlevde bombinga, og som er plassert på UNESCO si verdsarvliste.
Geografi |
Kirsebærblomar over elva Kyobashi.
Hiroshima er kjend som «byen ved vatn». Han har kystline til innlandssjøen Seto, som skil dei tre japanske hovudøyane. Elva Ota har skapt deltaet byen ligg på, og deler han inn i seks øyer. Landet er svært flatt og såvidt over havnivå, men har nokre låge åsar i nord.
Økonomi |
Bilfabrikanten Mazda er utan tvil den viktigaste verksemda i byen. Mange modellar som blir selde over heile verda blir produserte her.
Verd å vitja |
Tilreiing av okonomiyaki. (Foto: Dan Smith, 2004)
Den atteroppbygde borga som blir kalla Rijō, koi-borga, er i dag eit museum via edoperioden
Tempelkomplekset i byen Miyajima på øya Itsukushima like utanfor Hiroshima er kjend for sin store, raude, «flytande» port
Byen har sin eigen mattradisjon, ein type okonomiyaki med yakisoba-nudlar som blir kalla «Hiroshima-yaki» eller «Hiroshima-pizza». Denne retten blir servert rykande fersk fleire stader i byen.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hiroshima
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...