Sandhøns































Sandhøns



Tobeltesandhøne, Pterocles bicinctus Foto: Marie de Carne
Tobeltesandhøne, Pterocles bicinctus
Foto: Marie de Carne


Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:
Pteroclidiformes

Familie:
Pteroclididae

Vitskapleg namn
Pteroclididae

Bonaparte, 1831


Sandhøns, Pteroclididae, er ein familie av 16 fugleartar med habitat i opne sletter og halvørkenar i den «den gamle verda». Artane i familien er spreidd over Den iberiske halvøya, store delar av Afrika, unntatt Vest-Afrika, Midt-Austen, og frå India til Sentral-Asia. Det finst to sentralasiatiske artar i slekta Syrrhaptes, dei andre artane er samla i ei slekt Pterocles. Pteroclididae er einaste familien i den biologiske ordenen Pteroclidiformes.


Sandhøns har små, dueliknande hovud og nakke, men solid kompakt kropp. Dei varierer i storleik frå 24 til 40 cm i lengd og veg mellom 150 og 500 gram. Det er liten kjønnsdimorfisme i storleik, like fullt er hannar litt større enn hoer. Dei har lange spisse venger og nokre artar har hale og god flygeevne. Vengemusklane er sterke og i stand til rask oppstart av flukt om nødvendig. Dei korte beina er fjørkledd heilt ned til tærne, og slekta Syrrhaptes har også fjør ned på tærne. Fjørdrakta er kamuflerande, ei tilpassing til lange opphald på bakken i opent terreng til matauk. Fjørdrakta varierer mykje mellom kjønna. Magefjøra er spesielt tilpassa til å absorbere og halde på vatn slik at vaksne fuglar, særleg hannar, kan frakte vatn over stor distanse til ungar som held til langt frå vasskjelder.


I hovudsak er sandhøns frøetarar. Hos mange artar er dietten svært spesialisert, med frø frå berre få planteartar som dominerer dietten. Dette kan spegle kva som er lokalt tilgjengleg, men i andre fall speglar dette dei faktiske val av føde som fuglane gjer. Artar i familien Leguminosae er ofte favorisert i dietten. I jordbruksområde vert havre og korn tatt. Dei kan anten plukke frå bakken eller direkte frå plantar. Ulike sandhønsartar som lever i eit felles område varierer på fødeteknikken for å redusere konkurransen, i Namibia kan tobeltesandhøne søke føde langsamt og metodisk medan namaquasandhøne tar opp maten raskt.


Sandhøns er selskaplege, dei et i flokkar på opptil 100 fuglar. Det er lite væske i kosten, derfor må dei jamleg søke vatn for å drikke. Dei kan samle seg i grupper på mange hundre til tusenvis av individ ved drikkekjelda. Ikkje alle treng drikke kvar dag, og ein art, tibetsteppehøne, har ikkje denne vanen med å flokke seg ved drikkevatn, truleg fordi dei har relativt meir vatn innanfor habitatet. Dei fleste artane er standfuglar, men steppehøna kan migrere ikkje-regelbunden.


Sandhøns er monogame. Hekkesesongen vil ofte falle saman med frøavlingar etter den lokale regntida. Når denne tida nærmar seg har flokkane ein tendens til å bryte opp i par. Reirplassen er ei lita fordjuping i bakken, det kan vere forma som eit fotavtrykk. Vanlegvis legg dei tre kamuflasjefarga egg, det kan vere to og ein sjeldan gong fire egg. Ruginga blir delt mellom kjønna, hannar tar natta og litt av morgonen medan hoa tar dagtida. Klekking skjer vanlegvis etter 20-25 dagar. Dei godt utvikla ungane forlét reiret så snart det den sist klekte er tørr. Dei er i stand til sjølv å finne føde straks etter klekkinga, men treng å lære diettpraksis frå foreldra, og held seg nær foreldra i fleire månader. Den første tida er ungane for små til å termoregulere, og får hjelp til skugge under den heitaste delen av dagen og dei får òg vern om natta.



Artsliste |


Sandhøns Tjeldar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]


Slekt Syrrhaptes




  • Tibetsteppehøne, Syrrhaptes tibetanus, Tibetan Sandgrouse, LC, Gould, 1850


  • Steppehøne, Syrrhaptes paradoxus, Pallas's Sandgrouse, LC, Palllas, 1773


Slekt Pterocles




  • Kvitbuksandhøne, Pterocles alchata, Pin-tailed Sandgrouse, LC, Linné, 1766


  • Namaquasandhøne, Pterocles namaqua, Namaqua Sandgrouse, LC, Gmelin, 1789


  • Brunbuksandhøne, Pterocles exustus, Chestnut-bellied Sandgrouse, LC, Temminck, 1825


  • Prikksandhøne, Pterocles senegallus, Spotted Sandgrouse, LC, Linné, 1771


  • Svartbuksandhøne, Pterocles orientalis, Black-bellied Sandgrouse, LC, Linné, 1758


  • Gulstrupesandhøne, Pterocles gutturalis, Yellow-throated Sandgrouse, LC, Smith, 1836


  • Lysbuksandhøne, Pterocles coronatus, Crowned Sandgrouse, LC, Lichtenstein, 1823


  • Maskesandhøne, Pterocles decoratus, Black-faced Sandgrouse, LC, Cabanis, 1868


  • Madagaskarsandhøne, Pterocles personatus, Madagascar Sandgrouse, LC, Gould, 1843


  • Stripesandhøne, Pterocles lichtensteinii, Lichtenstein's Sandgrouse, LC, Temminck, 1825


  • Tobeltesandhøne, Pterocles bicinctus, Double-banded Sandgrouse, LC, Temminck, 1815


  • Sahelsandhøne, Pterocles quadricinctus, Four-banded Sandgrouse, LC, Temminck, 1815


  • Indiasandhøne, Pterocles indicus, Painted Sandgrouse, LC, Gmelin, 1789


  • Kalaharisandhøne, Pterocles burchelli, Burchell's Sandgrouse, LC, Sclater, 1922



Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sandgrouse frå Engelsk Wikipedia .





  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 


  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)




Bakgrunnsstoff |



  • Videoar med sandhøns frå the Internet Bird Collection



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva