Statsoverhovud




Statsoverhovud, statsleiar eller statssjef er den øvste leiaren i ein sjølvstendig stat. Overhovudet kan, men treng ikkje, ha den reelle makta i landet. I presidentielle system styrer statsoverhovudet den utøvande makta og opptrer som regjeringsleiar, i semipresidentielle system deler statsoverhovudet denne makta med ein statsminister utgått frå parlamentet, og i parlamentariske system vantar statsoverhovudet reell makt. Statsoverhovud kan få stillinga si gjennom val, arv, eller gjennom å sjølv ta makta i kupp eller revolusjonar, og såleis byggja på ulik legitimitet.


I monarki har statsoverhovudet ein tittel som dronning, konge eller keisar. I republikkar er overhovudet vanlegvis ein president. Somme tider kan ein stat ha eit religiøst overhovud, som paven i Vatikanstaten. Statsoverhovud som har tvinga til seg makta i ein ikkje-demokratisk, autoritær stat blir i moderne tid gjerne kalla diktatorar.




Kjelder |





  • «Diktator» (2. juni 2014), Store norske leksikon.


  • «President» (22. oktober 2014), Store norske leksikon.


  • «Monarki» (6. januar 2012), Store norske leksikon.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva