Keith Reid
































Keith Reid

Verkeleg namn Keith Stuart Brian Reid
Fødd
19. oktober 1946 (72 år)
Welwyn Garden City i Hertfordshire i England
Sjanger
Psykedelisk rock, progressiv rock
Aktive år 1967 til i dag
Yrke
Tekstforfattar, låtskrivar
Tilknytte artistar
Procol Harum

Keith Reid (fødd Keith Stuart Brian Reid, 19. oktober 1946) er ein engelsk låtskrivar som har skrive tekstane til alle songane Procol Harum skreiv og spelte inn. I mange år har han budd i USA.


Sjølv om han ikkje song eller spelte instrument for bandet, vart Reid rekna som ein særs viktig del av den langvarige suksessen til bandet i lag med vokalist og låtskrivar Gary Brooker. I lag skreiv dei nesten alle songane til bandet.


Han skreiv òg tekst for debutalbumet til den franske songaren Michel Polnareff i 1966. Reid sette sidan opp sitt eige managementfirma, Full House, arbeidde på eit skodespel og flytta til Manhattan i 1986. Han var òg medlåtskrivar på John Farnham-songen «You're the Voice», som kom i 1986.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Keith Reid» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:








Bakgrunnsstoff |



  • Procol Harum.com om Keith Reid

  • Procol Harum-tekstar av Keith Reid

















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva