Stjerne-assosiasjon




Stjerne-assosiasjonar er særs opne hopar av stjerner i spiralarmane til Mjølkevegen. Spektraltypen, rørsla og posisjonen deira på himmelen viser at dei har same opphav. Hopane er på grunn av den låge stjernetettleiken særs ustabile og går raskt i oppløysing (10–20 mill. år). Ein veit om kring 100 stjerne-assosiasjonar i Mjølkevegen.


O–B-assosiasjonar består av unge, lyssterke stjerner av tidleg spektralklasse (O og B). Mange av desse ekspanderer, og frå ekspansjonsfarten kan ein rekne ut alderen deira. ξ Tauri-assosiasjonen er til dømes berre 1,3 mill. år gammal. T-assosiasjoner består av T Tauri-stjerner, det vil sei ein type unge stjerner som er assosiert med interstellar materie, og som viser raske og uregelmessige lysvariasjonar.



Kjelder |




  • «Stjerne Assosiasjoner», Store norske leksikon, 2009, 12. november, henta 13. august 2014 








Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal