Landfall Peak
Landfall Peak | |
fjell | |
Land | Antarktis |
---|---|
Topp | Ellsworth Land |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Landfall Peak (Antarktis) |
Landfall Peak er eit markant fjell nær vestenden av Thurston Island, kring 8 nautiske mil (15 km) aust-nordaust for Cape Flying Fish. Det vart oppdaga av medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS) på flyturar frå skipet Bear i februar 1940 og fotografert på den tida av E.B. Perce. Fjellet vart kartlagd frå flyfoto tekne av U.S. Navy Operasjon Highjump i desember 1946, og vart observert av mannskapet på U.S. Navy Bellingshausen Sea Expedition i februar 1960. Det fekk dette namnet av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) fordi steinutspringa på toppen var eit landemerke for skip som nærma seg Thurston Island frå vest.
Kjelder |
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Landfall Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).
|