Haukeland universitetssjukehus




Koordinatar: 60°22′26.299″N 5°21′33.984″E




Sentralblokka Haukeland universitetssjukehus frå sør




Laboratoriebygget midt i biletet. Sentralblokka til høgre. Bygg for biologiske basalfag til venstre. Apotek/Verkstedbygg nedst.
Foto: Svein Harkestad






Barneklinikken
Foto: Svein Harkestad





Gamle Hovedbygg
Foto: Svein Harkestad






Kvinneklinikken
Foto: Svein Harkestad





Administrasjonsbygget
Foto: Svein Harkestad





Gamle Gades
Foto: Svein Harkestad





Haukeland hotell ved Haukeland universitetssjukehus
Foto: Svein Harkestad





Parkbygget (Kreftavdeling)
Foto: Svein Harkestad



Haukeland universitetssjukehus er eit sjukehus i Årstad bydel i Bergen kommune.


Tidlegare heitte sjukehuset Haukeland Sykehus og var ein av elleve institusjonar som vart slått saman til Helse Bergen HF gjennom sjukehusreforma i 2002. I dag er Helse Bergen HF den juridiske nemninga på føretaket, medan namnet Haukeland universitetssjukehus blir brukt om alle einingar i alle samanhengar som har med pasientbehandling å gjere.
Haukeland universitetssjukehus har ansvar for spesialisthelsetenesta i Bergen og 22 nabokommunar i Midthordland, Nordhordland, Voss og delar av Hardanger.




Innhaldsliste






  • 1 Oppgåver


  • 2 Historie


  • 3 Kjelde


  • 4 Bakgrunnsstoff





Oppgåver |


I tillegg til pasientbehandling, blir det drive ei omfattande forskings- og undervisningsverksemd ved sjukehuset. Haukeland universitetssjukehus har Norges nest største medisinske forskingsmiljø, berre Oslo universitetssykehus har større forskingsaktivitet innan medisin- og helsefag. Haukeland har ei rekkje kompetansesenter og spesialfunksjonar på både nasjonalt og regionalt plan.
Om lag to tusen studentar har kvart år delar av utdanninga si på sjukehuset.



Historie |


Haukeland universitetssjukehus ligg i bydelen Årstad i Bergen kommune, på området til gamle Haukeland gård. Det som den gongen heitte Haukeland sykehus var ei vidareføring av Bergen kommunale sykehus frå 1754 på Engen i Bergen. Haukeland gård vart kjøpt av Bergen kommune i 1897. Victor Nordan var arkitekt og 2. januar 1912 opna Haukeland sykehus dørene for dei første pasientane. Frå 17. januar same år var det nye sjukehuset i full drift.
Haukeland var den gongen eit lokalsjukehus for Bergen og det var kampen mot infeksjonane som hadde hovudfokus. I opningsåret behandla Epidemisk avdeling heile 1012 difteripasientar.


Sjukehusområdet har heile tida blitt bygd ut, endra og bygd om. I nyare tid vart den største utbygginga gjort i perioden 1971 til 1983, då Sentralblokken på 125 000 kvadratmeter vart oppført.
Dei seinare åra har blant anna Haukeland hotell, Laboratoriebygget og Parkbygget kome til. I 2020 skal Haukeland universitetssjukehus sitt nye barne- og ungdomssenter stå ferdig.



Kjelde |




  • Denne artikkelen er omsett frå «Haukeland Universitetssykehus» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2012.

  • Artikkelen viser til fylgjande kjelde: Janssen, Carl W.; Haukeland sykehus, en medisinsk hjørnestein siden 1912, Bergen 2001, ISBN 82-514-0624-2




Bakgrunnsstoff |



  • Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

  • Store Norske Leksikon om Haukeland universitetssjukehus

  • Haukeland på Facebook

  • Haukeland på twitter

  • Foto: Haukeland på Flickr





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva