Odysseen er eit episk dikt frå Hellas i antikken. I 24 songar fortel det soga om heimreisa og heimkomen til helten Odyssevs frå Troja etter den trojanske krigen. Verket blir tillagt Homer. Det er rekna som eit hovudverk i vestleg litteratur og er blitt lese over heile verda. På mange språk er «odyssé» blitt til eit synonym for ei tilsynelatande endelaus reise. Helten Odyssevs er også kjend under det latinske namnet sitt, Ulysses.
Drapet av beilarane. Gresk vase frå rundt 300 f.Kr.
Innhaldsliste
1Handling
2Omsetjingar
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Handling |
Diktet byrjar med ei skildring av den forlatne kongsgarden på Ithaka, der Odyssevs si kone Penelope prøver å stagga uønskte friarar, og sonen Telemakos legg ut for å leita etter faren. Odyssevs er på ei øy hjå nymfa Kalypso. Han sigler vekk frå henne, forliser, og blir skyld i land på Skheria. Her fortel han om hendingane han har vore ute for i løpet av dei ti år han har vore på heimveg: Han har vore ute for kyklopar, monstera Skylla og Kharybdis, trollkona Kirke og vitja dødsriket.
Då Odyssevs endeleg vender tilbake til Ithaka er han forkledd som tiggar. Han deltek i ei tevling med alle beilarane der det er om å gjera å gjera eit kunststykke med kongen sin boge. Odyssevs vinn, og tek tilbake kongsmakta.
Omsetjingar |
Odysseen blei første gong omsett til norsk av Arne Garborg i 1918, på nynorsk. P. Østbye laga ein riksmålversjon i 1922.
Kjelder |
«Odysseen» i Store norske leksikon, snl.no.
Delar av denne artikkelen bygger på «Odysseen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2010.
Bakgrunnsstoff |
Odyssevskvædet. Fyrste songen ved aasentunet.no
Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...