Ægirin
Ægirin | |
Ægirinkrystallar i matriks | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Silikatmineral, Pyroksen |
Kjemisk formel | NaFe3+Si2O6] |
Krystallsymmetri | Monoklinisk 2/m |
Identifikasjon | |
Molekylvekt | 231.00 |
Farge | Mørkgrøn, grønaktig svart |
Krystallform | Prismekrystallar kan opptre i sprutar av nålforma krystallar, fibrar, i radiale klumpar |
Krystallsystem | Monoklinisk prismatisk |
Tvilling | Enkel og lamellert tvilling vanleg på {100} |
Kløyv | God på {110}, (110) ^ (110) ≈87°; delar seg på {100} |
Brot | Ujamn |
Mohs hardleiksskala | 6 |
Glans | Glasaktig til lett harpikshaldig |
Strekfarge | Gulaktig grå |
Transparens | Gjennomsiktig til ugjennomsiktig |
Spesifikk vekt | 3,50–3,60 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) |
Brytingsindeks | nα = 1,720–1,778 nβ = 1,740–1,819 nγ = 1,757–1,839 |
Pleokroisme | X = samaragdgrønt, mørkgrønt; Y = grasgrønt, mørkgrønt, gul; Z = brunaktig grøn, grøn, gulaktig brun, gul |
2V-vinkel | Målt: 60° til 90°, utrekna: 68° til 84° |
Dispersjon (spreiing) | moderat til sterk r > v |
Kjelder | [1][2][3][4] |
Ægirin er eit mørkegrønt mineral som finst i langprismatiske krystallar. Det er eit pyroksenmineral med den kjemiske formelen NaFeSi2O6 . Det vart først skildra i 1835 etter eit funn i Rundmyr i Øvre Eiker i Buskerud. Mineralet er kalla opp etter Ægir, den norrøne havguden.[2]
Ein brunfarga varietet av mineralet vert kalla akmitt.
I Noreg |
Mineralet er ein viktig bestanddel i fleire av dei vulkanske bergartane i Oslofeltet (nordmarkitt, ekeritt, groruditt, nefelinsyenitt) og finst òg i ein del av bergartane i Fensfeltet. Store krystallar er kjend frå nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden.
Kjelder |
[1] Ægirin i Store norske leksikon, snl.no
↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/aegirine.pdf Handbook of Mineralogy
↑ 2,02,1 http://www.mindat.org/min-31.html Mindat
↑ http://webmineral.com/data/Aegirine.shtml Webmineral
↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ægirin